Måndag ettermiddag var det stor stemning i turnhallen i Myra på Skeide, då Cathrine Johansen frå Sparebanken Møre tok turen for å dele ut 20.000 kroner i Gullkorn-midlar til IL Hødd turn.

Turngruppa har fått midlar til eit prosjekt som skal hjelpe til med vidareutviklinga og tilrettelegging for tilbodet til barn i alderen 3 til 8 år. Det er allereie kjøpt inn utstyr som skal hjelpe både utøvarar og trenarar til å meistre nye teknikkar og sørge for sikker opplæring i nye øvingar.

- Dette utstyret kan vi bruke til hopp, spretthopp for koordinasjon, både framover, bakover og sidelengs. Ungane kan hoppe salto ned frå elementa, eller opp på dei. Dei kan brukast til alt mogleg, og i heile turnhallen. Vi kan også stå på dei når vi trenarane skal hjelpe gymnastane på dei ulike apparata, fortel trenar Vidar Fosse, som gav Cathrine Johansen frå Sparebanken Møre ei kort innføring i utstyret turngruppa har kjøpt inn.

Kan brukast av alle

I utgangspunktet er utstyret valt ut for å kunne leggje best mogleg til rette for dei aller yngste utøvarane, men samstundes er det så allsidig at mykje av det kan brukast også heilt opp til dei eldste gymnastane, og dermed kan alle dei vel 200 aktive i IL Hødd turn nytte godt av Gullkorn-midlane.

- Det er multiutstyr som kan brukast til så mykje, og til alle målgrupper, fortel Fosse.

Johansen fekk sjå litt av det yrande livet som er i turnhallen i Myra, med både eldre utøvarar i sving på apparata, og med ei gruppe førsteklassingar som boltra seg ute på turnmatta. Ho slår fast at slike dagar er noko av det kjekkaste ho får vere med på i jobben sin.

- Som lokal bank har vi moglegheita til å gje tilbake til lokalsamfunnet og det benyttar vi oss av. På avdelinga i Ulstein har vi mellom 40 og 50 søknadar i året. Totalt i Sparebanken Møre har vi nærare 1200 søknadar i året, og det er stort engasjement i Møre og Romsdal. Sidan 2003 har vi delt ut om lag 1 milliard kroner, og dette er ein veldig kjekk del av jobben min, spesielt når ein ser den idrettsgleda ein møter her, fortel ho.

- Heilt avgjerande

Slik støtte frå Sparebanken Møre er svært viktig for IL Hødd turn, og leiar Ann Kristin Eiken er svært takksam for dei tildelte midlane.

- Denne gongen var fokuset vårt på dei litt yngre, men det har innverknad på alt vi held på med. Vi er nærare 200 gymnastar i hallen i veka, med mange grupper som er her fleire gongar i veka. Utstyret blir mykje brukt, sjølv av dei største gymnastane.

Støtta blir spesielt viktig sett i lys av nedgangen i det lokale næringslivet, som igjen påverkar dei frivillige organisasjonane og alle som er avhengige av støtte frå næringslivet.

- Det kjem ekstra godt med. Det er heilt avgjerande for at vi skal kunne drive den aktiviteten som vi gjer, for vi har eit stadig aukande medlemstal, som krev meir ressursar, fortel Ann Kristin Eiken.

Turngruppa har kjøpt inn utstyr, som hovudsakleg er retta mot dei yngste gymnastane, men som også er så allsidig at mykje av det kan brukast også av dei eldste.