Med veksande tal på aktive utøvarar i alle sine treningsgrupper, ønskjer Dimna IL no å utvikle fleire trenarar. I oktober og november blir det lokale kurs, både for trenarspirer utan erfaring og for dei som kan litt frå før.

– Vi har hatt eit jamt tilsig og spesielt det siste halvåret har det kome til mange nye utøvarar. For at vi skal kunne gje alle eit godt tilbod så er vi nøydde til å få inn fleire hjelparar på trenarsida, fortel Arve Hatløy i Dimna IL.

Arrangerer trenarkurs

Totalt har idrettslaget om lag 150 aktive utøvarar, men Hatløy fortel at ein har prøvd å vere litt forsiktige med å auke talet for mykje i dei yngste gruppene, sidan ein manglar nokre ekstra hender på trenarsida.

– Vi har svært gode fasilitetar og gode moglegheiter for å kunne gje eit tilbod til endå fleire, men då må vi ha eit større trenarapparat. Difor har vi no fått med kretsen og skal arrangere trenarkurs både for nybyrjarar og for dei som er litt meir vidarekomne, fortel Hatløy.

Han slår fast at det ikkje er naudsynt at ein har som mål å verte topptrenarar.

– Ein kan godt byrje i det små, og så blir ein kanskje bitne av basillen og ønskjer å utvikle kompetansen meir seinare.

Aukande interesse

I Dimna IL har ein per i dag om lag 15 trenarar, der størsteparten har trenar 1 kurs, samt nokre trenarar med litt meir trenarutdanning. Hatløy slår også fast at det er ei trenargruppe med mykje erfaring. I tillegg brukar Dimna ein del av dei eldre utøvarane til å hjelpe til inn mot dei yngre treningsgruppene, og Hatløy seier at dette er noko ein ønskjer å gjere meir av.

Med gode prestasjonar, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, har Dimna IL verkeleg blitt sett på kartet dei seinaste åra, og det merkar også Hatløy på interessa rundt klubben.

– Vi har førespurnadar frå foreldre eller utøvarar som ønskjer å trene med oss nærast kvar veke, og det er heilt klart at prestasjonane til Dimna IL har auka interessa rundt friidretten. Og då er det vår oppgåve å legge best mogleg til rette for dei som ønskjer å vere med, seier Hatløy.

Og kanskje kan Dimna IL sitt gode rykte også vere med på å inspirere fleire til å verte trenarar. Ifølgje Hatløy er det ikkje naudsynt å ha erfaring med friidrett frå tidlegare. Det blir lagt opp til to grunnkurs for dei som ikkje har erfaring frå tidlegare, medan trenar 1-kurset blir arrangert over to helgesamlingar.

Arve Hatløy og Dimna IL vil ha med seg fleire trenarar.