Ifølgje rapportane var det ein spelemessig svak kamp mellom Norborg og Hareid torsdag, som til slutt enda med 2-1-siger til heimelaget. Men at Hareid hadde fortent betre var det stor semje kring. Av sjansar kunne ein nemleg telje 5 (Norborg) mot 11 (Hareid) sjansar. Første målet var det derimot Hareid som stod for. Hareid pressa på i opningsminutta, og fekk godt betalt allereie fire minutt ut i oppgjeret, då Runar Stranden heada ballen i mål frå 6–7 meter etter eit godt innlegg frå kanten.

Men, det skulle ikkje ta lang tid før Norborg svara på tiltale. Hans Edvard Nordang skaut ballen lågt mot mål, Sigve Hide i Hareid-målet fekk stoppa ballen, men måtte gi retur. Den tok Magnus Austbø Seth gladeleg i mot, og sette den i mål til 1–1 etter 13 minutt.

Over i andre omgang fekk Norborg snudd kampen heilt, då Kristoffer Søviknes etter 60 minutt var høgst oppe og stonga inn 2–1 for heimelaget.

Hareid hadde fleire gode sjansar mot slutten av kampen, men Norborg lukkast i å forsvare seg, så det enda med bortetap.

Kampfakta

Norborg - Hareid 2-1 (1-1)

Bane: Uggedal kunstgras

Dommar: Tove Marie Tandstad, Velledalen og Ringen FK

Mål: 0-1 Runar Stranden (4), 1-1 Magnus Austbø Seth (13), 2-1 Kristoffer Søviknes (60)

Hareid: Sigve Overå Hide - Lars Roar Holstad, Håvard Mork Breivik, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna (Robin Jackson Indreflø 46) - Kim-Tore Husøy (Eiliv-Tore Howlid 40), Torgeir Skeide (K), Roar Amundsen - Runar Stranden, Thor-Ove Brekke, Håvard Øvrelid.

Benken: Vagn Scheide Mork, Gustav Bjørlykke Kløvning, Eiliv Tore Howlid, William Valde Bigset, Jon André Skarshaug, Fredrik Andresen, Robin Indreflø