Det er allereie klart at både Hødd 2 og Bergsøy spelar 4.-divisjon i 2017. Torsdag blir det også klart om Hareid blir verande på same nivå.

I utgangspunktet skal 4.-divisjon i 2017 spelast med 12 lag, slik som denne sesongen, men det ønskjer Ørsta IL å gjere noko med.

Dei har tidlegare lufta eit forslag om å få utvida talet på lag i avdelinga til 14, og onsdag sende dei ut ei pressemelding via sin Twitter-konto om at dei kjem til å fremje sak til kretstinget i desember.

- Vi har sendt ut dette forslaget til sunnmørsklubbane i 3.-div, 4.-div og 5.-divisjon. Tilbakemeldingane vi har fått er i klart fleirtal positive, skriv Ørsta i meldinga.

Hareid IL er ein av klubbane som har uttrykt seg positivt til endringa.

Dersom eit slikt framlegg blir godkjent vil det bety at ein i 4.-divisjon får 26 kampar i løpet av sesongen i staden for 22. Det vil også bety at 9.- og 10.-plassane i årets 4.-divisjon likevel vil behalde plassen i avdelinga.

Kretstinget blir gjennomført 10. desember.