Det vart sagt at dette truleg var den viktigaste kampen for Hareid sidan 90-talet. Skodje kom på besøk, og det var duka for ein skikkelig nedrykkskamp. 9.plass og nedover gav nedrykk, og stoda før kamp var følgjande:

7.plass: Hareid – 26 poeng

8.plass: Norborg – 26 poeng

9.plass: Ørsta – 25 poeng

Skodje best i gong

Kampen starta med ein enorm sjanse for Skodje. Først ved eit skot av Ole Tobias Nilsen frå om lag 20 meter, der Hareid-keeper Sigve Overå Hide måtte varte opp med ei solid redning, før den påfølgjande corneren vart nikka like over mål. Omgangen var prega av fleire tette duellar, der heimelaget hadde ballen mest. Det var likevel dei gulkledde gjestane som skulle yppe seg også ved neste høve. På ny var det ved eit skot frå godt hald, denne gong utanfor målet. Skodje hadde nok eit farleg skotforsøk etter om lag 20 minutt, men utover i omgangen vart farlegheitene framfor Hareid-målet færre. Etter halvtimen spelt fyrte Lars Roar Holstad av eit skot frå distanse som gjekk like over. Ti minutt seinare skulle heimelaget få sin største sjanse før sidebyttet. Roar Amundsen fekk med seg ballen i Skodje sin 16-meter, og nådde til slutt fram hos Robin Indreflø, som frå kort hald skaut ballen like utanfor. På overtid i omgangen fekk også Thor-Ove Brekke sjansen, då han på vakkert vis fekk snudd seg og banka ballen mot mål frå kort hald. Diverre for Hareid gjekk skotet rett på keeper.

Dermed 0-0 til pause. Dette var også pauseresultatet i kampen mellom Norborg og Godøy, medan Ørsta hadde ei komfortabel 2-0-leiing mot Stranda.

Nervøs start på andre omgang

Hareid skulle få ein dårleg start på andre omgang, då beskjeda om at Norborg hadde teke leiinga borte mot Godøy rulla inn over stadion. Dermed var dei raudkledde på dette tidspunktet under nedrykksstreken, og måtte ha mål mot Skodje for å berge plassen. Då passa det bra at storscorar Thor-Ove Brekke var på plass. Etter om lag 55 minutt spelt, sende han Hareid i leiinga då han kom åleine med keeper, etter eit mislykka klareringsforsøk av ein Skodje-forsvarar. Samstundes dobla Norborg leiinga mot Godøy, noko som gjorde det enda viktigare for Hareid å forsvare leiinga. Den oppgåva klarte heimelaget med bravur. Etter leiarmålet, tok vertane fullstendig over kampen, og skapte fleire farlege situasjonar framfor Skodje-målet. Både Simon Holstad Grimstad, Runar Stranden og nemnde Brekke hadde sjansar til å auke leiinga. Ballen ville derimot ikkje i mål, og dermed var det fortsatt nervepirrande på stadion, ettersom Skodje berre trengte eitt mål for å sende Hareid ned i 5.divisjon.

Dei frammøtte hadde imidlertid ingenting å vere nervøse for. Heimelaget jobba knallhardt, og Skodje var aldri i nærleiken av å skape noko som kan kategoriserast som ein målsjanse. Dermed var det også fullt fortent at Hareid auka leiinga på overtid i omgangen. Ein corner falt til slutt ned i beina til Kim-Tore Husøy, som enkelt kunne punktere kampen. Lettelsen var stor blant både spelarar, trenarar og tilskodarar, og Hareid kunne juble for tre poeng og fornya kontrakt i neste års utgåve av 4.divisjon.

-Føler seg aldri trygg før ein får 2-0

Hareid-trenar Einar Magne Skeide var både letta og fornøgd etter kampslutt:

Korleis kjennest det å vinne denne kampen og sikre vidare spel i 4.divisjon?

-Det er sjølvsagt veldig deilig. Det vert eigentleg ein rotekamp, men vi er best og skapar flest sjansar, så vi vinn fortent. Men så er det slik at når ein leiar 1-0 så skal det ikkje meir enn ein målsjanse til før motstandaren scorar, så ein føler seg ikkje trygg før 2-0.

Kor viktig var det for Hareid IL å halde seg i divisjonen?

-Klubben hadde som målsetting å vere med i den nye 4.divisjonen. Det har vi no oppnådd, noko eg trur er veldig viktig for klubben vidare. Ein må nok forsterke både spelarstall, apparat og ta nye steg om ein skal hevde seg neste sesong, for der er mange gode lag. Samtidig har vi mange gode unggutar på veg opp, så det er positivt.

Kva er du mest fornøgd med etter dagens kamp?

-Det er heilt klart innsatsen og viljen. Men det skulle også berre mangle sidan vi måtte vinne. Vi spelar ingen stor kamp, men vinn fortent.

Korleis er det å stå på sidelinja gjennom kampen, og samtidig få vite at tabellnaboane er i ferd med å vinne sine kampar?

-Det blir sjølvsagt nervøst. Når vi får vite at både Norborg og Ørsta leiar, og truleg vinn sine kampar, då får vi ekstra press på oss. Men vi handterer det veldig bra, og greier til slutt å drage det i land.

Kva med neste sesong? Har de starta planlegginga?

-Nei, vi har ikkje tenkt på neste sesong enda. Eg har heller ikkje tenkt så mykje på det når det gjeld meg sjølv, eg er jo både her og på Hødd. Eg skriv aldri meir enn 1-årskontrakt, så no får eg berre bruke tida til å finne ut kva som skjer vidare.

Desse går ned

Etter torsdagens runde vart det klart at det er Ørsta, Valder, Skodje og Stranda som må ta den tunge vegen ned til 5.divisjon.

Kampfakta

4.divisjon

Hareid – Skodje 2-0 (0-0)

Bane: Hareidsmyrane stadion

Tilskodarar: ca.130

Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy IL)

Mål: 1-0 Thor-Ove Brekke (55), 2-0 Kim-Tore Husøy (90).

Hareid: Sigve Overå Hide, Lars Roar Holstad, Simon Holstad Grimstad, Håvard Mork Breivik, Nauris Driksna, Gustav Bjørlykke Kløvning, Roar Amundsen, Torgeir Skeide, Runar Stranden, Thor-Ove Brekke, Robin Indreflø.

Innbyte: Vagn Scheide Mork, Eiliv Tore Howlid, Kim-Tore Husøy, Fredrik Andresen, Martinus Røyset Bakken, Venthan Ketheeswaran.