4.-divisjonsavdelinga på Sunnmøre blir avslutta torsdag kveld. Allereie er det klart at Skarbøvik er avdelingsvinnarar, medan Valder, Skodje og Stranda allereie er klare for nedrykk.

Men det betyr ikkje at det ikkje er mykje å kjempe om i sesongens siste kamp. Tre lag; Hareid, Norborg og Ørsta, kjempar framleis om å unngå 9.-plassen, som også gir nedrykk. I toppen står det mellom Godøy og Langevåg i kampen om andreplassen.

  • 7. Hareid - 26 poeng

  • 8. Norborg - 26 poeng

  • 9. Ørsta - 25 poeng

Og Godøy kan få direkte innverknad på kampen om å unngå nedrykk. For Norborg er einaste av dei tre som kjempar om å unngå 9.-plass som har bortekamp torsdag. Godøy skal normalt også vere klart tøffare motstand enn det både Ørsta og Hareid skal ut mot.

Ørsta spelar nemleg heime mot Stranda, som etter tapet mot Hareid sist ligg heilt sist i avdelinga. Og Hareid møter Skodje, det andre botnlaget.

  • Godøy - Norborg

  • Hareid - Skodje

  • Ørsta - Stranda

Hareid har det beste utgangspunktet av dei tre laga. Med siger vil det uansett bli 4.-divisjon neste sesong, sidan laget er eitt poeng framom Ørsta, og har klart betre målskilnad enn Norborg. Men også Norborg garanterer 4.-divisjonsspel med siger mot Godøy. Så dersom begge desse laga vinn sine kampar, så betyr resultatet i Ørsta - Stranda lite.

Men dersom Norborg eller Hareid skulle snuble torsdag, så har Ørsta sjansen til å smette forbi på oppløpet.

Bortekampen mot Stranda sist var verkeleg ein nøkkelkamp for Hareid. Med 2-1 sigeren gjekk laget forbi Norborg på tabellen, og sikra samstundes at avstanden ned til Valder vart så stor at dei ikkje ville ha sjansen til å gå forbi i siste serierunde. Men det var Skodje som sørga for den siste spikeren i Valder-kista denne sesongen, og derfor kan ikkje Hareid ta lett på oppgåva som ventar torsdag.

Hareid vann rett nok heile 6-2 borte mot Skodje i juni, men det var etter at laga gjekk til pause på 2-2. Og forma til Hareid har ikkje vore den beste dei siste kampane. Før sigeren mot Stranda hadde det gått fem kampar på rad utan poeng. Skodje hadde fire på rad utan poeng før dei slo Valder sist.

Hareid sine fem siste:

Emblem (b) - tap 1-2

Godøy (h) - tap 0-4

Norborg (b) - tap 1-2

FK Sykkylven (h) - tap 0-2

Stranda (b) - siger 2-1

Skodje sine fem siste:

Stranda (b) - tap 0-4

Larsnes/Gursken (h) - tap 1-3

Skarbøvik (h) - tap 0-6

Langevåg (b) - tap 0-7

Valder (h) - siger 3-1

Hareid sine to mål borte mot Stranda sist var første gongen laget scora meir enn eitt mål sidan 6-3 sigeren borte mot Larsnes/Gursken. Men torsdag møter dei eit lag som i snitt slepp inn 3,5 mål per kamp. Skodje har også sleppt inn akkurat like mange mål heime og borte denne sesongen (37), men borte scorar laget mykje mindre enn heime. 17 fulltreffarar har det blitt heime, men berre sju borte.

Så gjenstår det å sjå om Hareid kan finne fram scoringsforma på heimebane i årets siste kamp. For med ein siger på ti heimekampar er Hareid det svakaste heimelaget i serien. 11 scoringar på ti kampar og 22 baklengsmål (mot 27-18 borte) viser at det ikkje har vore for mykje å gle seg over på Hareid stadion eller Hareidsmyrane.

Det viktigaste torsdag er uansett dei tre poenga. Og denne veka stiller Hareid truleg sterkare enn det som var tilfellet borte mot Stranda sist veke. Ifølgje Hareid IL sine nettsider må laget klare seg utan Håvard Øvrelid, som scora sist, men Lars Roar Holstad og Håvard Mork Breivik er igjen aktuelle for laget, medan Roar Amundsen også returnerer.

Før kampen står det mellom Thor-Ove Brekke og Runar Stranden om å verte Hareid sin toppscorar denne sesongen. Begge står med åtte fulltreffarar, medan Ruben-Kenneth Brandal (ute med skade) har sju. Desse tre er dei einaste som har scora meir enn to gongar for Hareid denne sesongen.