Tidleg sundag ettermiddag kan utfallet av Hødd sin sesong avgjerast. Då kjem Strømmen på besøk til årets siste kamp på Høddvoll, og heimelaget håpar at massiv støtte frå heimepublikum skal vere med på å hjelpe Hødd til tre særs viktige poeng.

– Vi kan ikkje gå for eit uavgjortresultat her. Det handlar berre om seier. For oss er det berre det som er godt nok. Det står i hovudet på alle spelarane. Vi skal vinne, seier Jan-Lennart Urke.

Keeperen har endeleg fått sjansen som hovudkeeper denne sesongen, og har spelt 27 av 28 kampar i serien denne sesongen. Borte mot Bryne sikra han årets sjuande ”smultring”, eller kamp utan baklengsmål, og han håpar det blir utfallet også mot Strømmen.

– Vi må ha same inngangen til kampen som der nede. Både for meg og dei rundt meg. På Bryne hadde vi ein fantastisk backfirar som stoppa det meste. Vi skal ikkje gjere noko annleis denne gongen.

Reknar med full innsats

Men det held ikkje å berre halde nullen. Skal det bli tre poeng, så må Hødd score, og Sondre Beite har oppskrifta klar.

– Det er berre å sette inn meg på topp det, ler ungguten.

– Vi brukar å score her på Høddvoll, og når går vi ut her på sundag, forhåpentlegvis med mykje folk på tribunane, då skal vi springe nokre kilometer ekstra for å sikre eit godt resultat, legg Beite til.

Gratis inngang

Ifølgje Hødd blir det gratis inngang på Sparebanken Møre-tribunen til kampen mot Strømmen. Det gjeld på alle plassane som ikkje er i bruk på denne tribunen, og ifølgje Hødd er det divisjonssponsor Obos, som spanderer billettane.

– Dei siste kampane har det vore «cupfinalar» kvar kamp, og det er det ikkje minst no på sundag. Vi har verkeleg sjansen, og alt er opp til oss sjølve. No må folk berre møte opp og støtte oss, så skal vi gjere alt vi kan ute på bana, seier Urke.

Han meiner fulle tribunar vil vere med på å gje heimelaget den oppladinga dei treng for å levere varene.

– Mentaliteten skal vere på plass uansett, men det er noko med ramma. Du får ekstra lyst til å gå ut og ta «fighten». Det har vore veldig bra, men no treng vi verkeleg støtte slik at vi skal klare å halde oss i divisjonen, meiner keeperen. Og det er viktig, ikkje berre for Hødd og Ulsteinvik, men for fotballen på søre Sunnmøre.

– Hødd har «alltid» vore her oppe, og klubben høyrer heime på dette nivået. Minimum, seier Sondre Beite.

Har levert heime

Og heime har Hødd vist det, men borteforma har ikkje vore god nok. No kan Hødd likevel gjere den viktigaste jobben på heimebane.

– Vi har faktisk vore gode heime. Det er kampar der vi har vore heldige, men vi har også vore dyktige og hatt kampar her heime der vi har vore bra og spelt fin fotball. Vi har vore gode heime, og ønskjer å halde fram med det, seier Jan-Lennart Urke. Og no ventar det som truleg blir sesongens viktigaste heimekamp.

– Det kjem til å verte eit verkeleg liv på kamp på sundag. Både på tribunane og ute på bana. Det blir 90 minutt med full spurt, og eg gler meg noko veldig og håpar eg får sjansen til å spele, seier Sondre Beite.

– Vi har ein kjempesjanse no på sundag. Vi spelar for noko som er viktig, det er ein avgjerande kamp. No må vi ta fram alt som bur i oss. Det er no det gjeld, slår Urke fast.