Sundag skal Hødd ut i ein ekstremt viktig kamp heime på Høddvoll stadion. Med poeng borte mot Bryne sist har Hødd to poeng ned til Ull/Kisa på 13. plass. Men laget frå Jessheim har heimekamp mot Ranheim sundag, og dermed er sjansane store for at Hødd må ha tre poeng for å halde seg på rett side av streken.

Joakim Wrele var ikkje involvert borte mot Bryne, sidan han stod over grunna gule kort.

- Det var skikkeleg keisamt å ikkje kunne bidra, og det var ekstremt nervøst å sjå kampen på tv. Det er mykje meir nervøst enn om ein er med i kampen, fortel svensken.

Gler seg til kamp

Men sundag er Wrele klar for å gje alt for tre Hødd-poeng, og 25-åringen har brukt den ufrivillige friperioden godt.

- Eg har hatt moglegheita til å trene hardt, og ein del ekstra dei siste par vekene, sidan eg ikkje kunne spele. No kjenner eg meg i veldig bra form og no gler eg meg utruleg mykje til kamp!

Les også: - Vi skal vinne

Joakim Wrele trur Strømmen-kampen fort blir avgjerande for Hødd sin skjebne denne sesongen.

- Alt kan sjølvsagt skje, men det kjennest litt som at dette er vinn eller forsvinn. Strømmen kjem hit og vi skal ha tre poeng, ingenting anna er godt nok, slår Wrele fast.

Og han har nok eit poeng, for det blir ikkje enkelt å måtte til Sandnes for å ta tre poeng mot Sandnes Ulf i siste runde. For der Strømmen ser ut til å vere akterutseilt i kampen om kvalifisering, er Sandnes Ulf i høgste grad med i den kampen.

- Det er veldig mykje greiare å reise dit ned dersom vi har tre poeng i lomma frå Strømmen-kampen. Å skulle spele ein siste kamp i Obosligaen der ein må vinne det er uansett tøft, og spesielt borte. Så vi går fullt ut for å ta tre poeng no på heimebane.

Må jobbe steinhardt

Og der har Hødd gjort ein brukbar innsats så langt denne sesongen. Åtte sigrar og tre uavgjorte på 14 kampar, og 27 av 30 poeng.

- Heime har vi vore solide, og det passar oss godt med heimekamp igjen no. Vi har trua på det vi gjer her heime og er eit godt lag der. Det skal bli bra, men vii må jobbe steinhardt ute på bana. Det er opp til oss som lag å prestere så godt som vi kan. Gjer vi det så vinn vi denne kampen, slår Wrele fast.