Det var kampen Hødd skulle vinne. Der ein truleg ville sikre ny kontrakt i Obosligaen med siger, men som i staden vart ein skikkeleg skuffelse. Strømmen tok tidleg leiinga på ein corner, og Hødd kom seg aldri skikkeleg til hektene. Den einaste trøysta etter å ha tapt 3–0 heime er at Hødd framleis ligg på rette sida av streken, etter at Ranheim utlikna på overtid mot Ull/Kisa.

– Det er vel det som er fordelen med denne ligaen. Når ein ikkje leverer sjølve, så er det alltids nokon andre som også rotar. Det er positivt, og det siste målet til Ranheim kan vise seg å verte sinnssjukt viktig. No er det framleis opp til oss sjølve. Det er ein kamp igjen, og vi kan slå Sandnes Ulf borte, seier Steffen Moltu.

Det var likevel skuffande å sjå eit Hødd-lag som ikkje klarte å ta tak i kampen i årets siste på Høddvoll.

– Vi er nok litt passive når kampen startar. Strømmen får styre litt, spele ball inne på vår halvdel og får nokre dødballar. Der skal vi vere overlegne, men så er ikkje vi det i dag, seier Moltu.

Rot - igjen

For Strømmen scora på sin første corner og Hødd skapte for lite totalt sett. Då blir det vanskeleg når ein også byrjar å nærast gje vekk mål etter kvilen.

– Det andre målet ... Åh! Rot!, stønnar Moltu. For med to Hødd-spelarar i same duell, men der begge bomma på ballen, vart det plutseleg store rom i bakre rekkjer. Markus Brændsrød takka for det og sette ballen forbi Jan-Lennart Urke.

– Det er eit dillemål, slike som vi ikkje skal sleppe inn, men slike mål har prega oss litt i år.

Prøvde å nå ballen

Og kort tid seinare vart det heilsvart på Høddvoll. Moltu måtte jage ein motspelar og sette inn ei takling like utanfor 16-meteren. Til heile Høddvoll sin store frustrasjon meinte dommar at taklinga var så ille at den fortente raudt kort.

Korleis opplever du situasjonen?

– Eg hamnar på etterskot og prøvar å kome på rett side. Eg ser moglegheita til å sette inn ei takling på ball og prøvar sjølvsagt på det. Eg veit ikkje om eg er på den eller ikkje, men eg er ikkje langt unna. Han blir felt og eg veit ikkje. Dommaren må gjere si vurdering, og har uansett all makt i ein fotballkamp. Eg trur likevel ikkje det er så mange som hadde krangla om det vart eit gult kort i staden.

Mistar den avgjerande kampen

Då var det spelt 60 minutt, og fire minutt seinare punkterte Brændsrød kampen med si andre scoring. Sjansen til å sikre ny Obosligakontrakt på heimebane rauk, og no må det noko heilt spesielt til i Sandnes om ei veke. Der får ikkje Steffen Moltu vere involvert, og det smerter mykje meir enn det raude kortet.

– Det er det verste. Ein ting er at vi ligg under 2–0 her og kanskje var litt på gang då eg fekk kort. Det er ikkje noko krise for min del, men at eg ikkje får vere med i siste. Det plager meg noko nautigt. Her skal vi ned å avgjere, og då skulle eg veldig gjerne ha vore med.