Hødd tapte sesongens fjerde heimekamp, då Strømmen vart for sterke sundag ettermiddag. Bortelaget kunne reise heim med tre scoringar, medan Hødd stod att utan. Dermed vart det ein skuffande dag både for dei 2020 frammøtte og for spelarar og støtteapparat rundt Hødd.

- Vi er veldig opptekne av å gå ut høgt og aggressivt. At vi skal gå i strupen på dei. Men vi er ikkje der. Det blir for høge skuldrar og vi tenkjer for mykje konsekvensar i staden for å gå ut der å prestere. Det blir heller ikkje betre etter at Strømmen scorar, seier Steinar Lein.

Han er einig i at spesielt dei første 20-25 minutta var svært svake frå Hødd, men sjølv om Hødd løfta seg noko, og skapte fleire gunstigare brot utover i omgangen, så klarte ikkje heimelaget å utnytte dei.

- Dei største sjansane våre får vi på 3-0, etter at Strømmen har skrudd litt av brytaren. Det blir verken eller. Vi er ikkje dyktige nok defensivt, og vi klarar ikkje å skape nok offensivt. Det går for seint med oss, og vi har ikkje nok rytme i det vi gjer. Det blir for mykje tankar og ingenting som skjer automatisk. Du ser at spelarane manglar litt sjølvtillit.

Det er kanskje naturleg i Hødd sin situasjon?

- Ja, men vi har hatt nokre gode prestasjonar i det siste og håpte vi skulle halde fram med det, men det var ikkje nok i dag.

Med eit Hødd-lag som måtte jage utlikning i den andre omgangen passa det svært dårleg med nok eit tidleg baklengsmål etter pause. Men måten målet kom på har ein sett før denne sesongen.

- Ja, det er nok litt karakteristisk for sesongen og då blir det endå vanskelegare, men det er framleis mogleg å snu det. Så får vi raudt kort, og dei scorar igjen like etter. Då blir det umogleg.

No blir det ei knalltøff utfordring for Hødd i siste serierunde. Både Ull/Kisa og Bryne har framleis sjansen til å passere Hødd, og begge har kampar som er mogleg å ta poeng i. Og tek Ull/Kisa poeng, så må Hødd også gjere det.

- Vi kan vere glade for at vi får den "matchballen" når vi ikkje klarar å stå fram på ein betre måte heime enn det vi gjer i dag. Vi har ei moglegheit til. I dag er vi frykteleg skuffa, men vi må byrje å sjå framover og gjere alt vi kan for å få gutane i rett modus til neste kamp.