Steinar Lein og Hødd fekk med seg eit viktig poeng frå bortekampen mot Bryne sist, men med to kampar igjen av sesongen er det ikkje tid til å roe ned. Sundag ventar Strømmen på Høddvoll og det blir ei ny ”cupfinale” for Hødd.

– Ja, ein kan godt kalle det dét, for det er ein særs viktig kamp, slår Lein fast.

Til Høddvoll kjem eit Strømmen-lag som har levert ein svært godkjent sesong, og som ser ut til å hamne på øvre halvdel for andre sesong på rad. Men kanskje har ikkje laget så mykje å spele om som Hødd. Vegen fram til kvalik er lang for Strømmen, og det skal nok mykje til at laget blir betre enn nummer sju i årets Obosliga.

– Dei har nok eit håp, men då må dei framom dei tape begge dei to siste, og det skjer ikkje, trur Lein.

Hødd-trenaren meiner det kan slå ut begge vegar.

– Ofte handlar det om å ville endå litt meir enn motstandar. Då vil ein få dei gunstige initiativa. Samstundes spelar Strømmen på ein veldig ambisiøs måte, og det kan hende dei slepp seg endå meir lause dersom dei ikkje har noko å spele om.

Bra prestasjon sist

Det er to poeng frå Hødd og ned til Ull/Kisa under nedrykksstreken, men Ull/Kisa har såpass mykje betre målskilnad enn Hødd, at dersom laga ender likt på poeng så kjem Hødd dårlegast ut av det. Difor var poenget på Bryne ekstra viktig, sidan det auka avstanden nedover, men truleg må det meir til for å berge plassen for Hødd.

– Eg trur spelarane sit att med ei bra oppleving etter Bryne-kampen. Det var ikkje ein kjempekamp spelemessig, men vi spelte i forhold til bane og motstandar og leverte ein bra prestasjon, seier Lein.

Då enda det med eitt poeng, no bør det helst bli tre, og Hødd håpar på at publikum møter opp i store mengder til den viktige kampen.

– Det er mange som er opptekne av Hødd, og som bryr seg om laget og no må dei kome på stadion og støtte oss. Det betyr utruleg mykje for gutane, og det har vi merka i dei kampane der vi har hatt spelt godt og fått sigrar. Den støtta er ekstremt viktig. Det er mykje kjekkare når det er fullt på tribunane, slår Lein fast.

Har alternativ, men ikkje same type

Han får tilbake Joakim Wrele til kampen mot Strømmen, men må klare seg utan Joachim Magnussen. Og utan Joa vil nok Hødd sjå litt annleis ut, for der har ikkje laget nokon direkte erstattar.

– Det er sjølvsagt fint å ha Jokke tilbake, men synd at vi ikkje har med Joa. Han var viktig for oss nede på Bryne, men vi har andre alternativ.

Kampen mellom Hødd og Strømmen kan du følgje her på Vikebladet.no.