Therese Falk, opphavleg frå Hareid, no busett i Oslo, deltok i helga under Europameisterskapen i 24-timersløp i Albi i Frankrike. Der tangerte ho den beste norske plasseringa nokosinne i eit 24-timarsmeisterskap og kom i mål til ein 4.-plass. Då hadde Falk tilbakelagt 228,323 kilometer på 24 timar!

Det var kondis.no som først omtalte saka.

Ikkje berre var det ein solid ny personleg rekord, opp frå 211,347, men det var også klar ny norsk rekord. Den tidlegare rekorden var på 218,156 kilometer, og Falk forbetra den dermed med over ti kilometer.

Det var svenske Maria Jansson som vann 24-timarsløpet for kvinne. Ho tilbakela imponerande 250 kilometer før dei 24 timane var ute.

Therese Falk representerer Romerike Ultraløperklubb.