Bookmakarane, eller spelsetjarane som det burde heitt på godt nynorsk, i Betsson, trur ikkje Hødd vil klare seg best blant dei tre laga som kjempar om plassen rett over nedrykksstreken førstkomande søndag. Det blir garantert ein thriller av dei sjeldne, med både Hødd, Ullensaker/Kisa og Bryne som skal knive med andre lag for å sikre seg viktige poeng.

Hødd har den "trygge" 12. plassen no, medan Ullensaker/Kisa og Bryne ligg på nedrykksplass. Bettingselskapet trur at Bryne blir vinnaren av duellen mellom laga, og at Ullensaker/Kisa og Hødd rykkjer ned.Med berre ei serierunde igjen, førstkomande søndag, ligg det an til at dei tre laga kan bli nøydde til å byte plass nokre gongar i løpet av berre 90 minutt.

- Og det blir garantert drama. At Hødd har ein trygg 12. plass i 90 minutt gir heile 10 i odds. Her må laga fokusere på seg sjølve og ikkje bry seg om kva som skjer i dei ulike minutta. Etter 90 minutt veit vi kven som rykkjer ned, seier Håkon Høyland i Betsson.

Hødd med tøff bortekamp

Høyland meiner Bryne, som møter Fredrikstad heime på Jæren, er favorittar til å vinne denne kampen, samt å gå forbi Hødd på tabellen og sikre seg 12. plassen. Ull/Kisa møter Kongsvinger borte på Gjemselund kunstgress.

Bryne ligg i dag på 14. plass med 27 poeng. Over dei ligg Ull/Kisa med 29 og Hødd med 30. Ein skulle trudd at Hødd med tap ville klare seg dersom Bryne vinn sin kamp, og Ull/Kisa tek eitt poeng, men grunna dårlegare målforskjell vil faktisk begge laga gå forbi Hødd om akkurat det skulle skje. Bryne har 17 minusmål, Ull/Kisa berre 4 minusmål, medan Hødd har heile 21 i negativ lei.

- Vi trur Bryne bergar plassen sin. Laget med minst poeng forventar vi skal klatre forbi både Ullensaker/Kisa og Hødd, som begge har svært tøffe bortekampar førstkomande søndag, seier Håkon Høyland.

Spelselskapet har nemleg trua på tre heimesigrar i botndramaet i helga, noko som vil bety at Bryne klatrar opp på trygg plass.

Så får ein sjå om spådomen blir sann. Forhåpentlegvis blir det ikkje slik, om Hødd klarer å ta tre viktige poeng i sin bortekamp mot Sandnes Ulf!

Hugues Wembangomo og Hødd har ei enorm oppgåve framfor seg, då dei reiser til Sandnes for å møte Sandnes Ulf i siste serierunde denne sesongen. Foto: Per Werkland/Arkiv.