Therese Falk sette ny norsk rekord i 24-timerløp under EM for om lag ein månad sidan. Denne helga leverte ho nok eit imponerande løp, denne gongen på Bislett.

Etter 24 timar hadde Falk lagt bak seg knallsterke 220,349 kilometer, og det sørga for siger, ikkje berre i kvinneklassa men også samanlagt. Ho sprang altså lenger enn alle andre deltakarar. Beste mann kom i mål etter å ha lagt bak seg 213,839 kilometer.

Ifølgje Kondis.no passerte Falk beste herreløparen medan det framleis var ti timar igjen av løpet, og med svenske anna Grundahl bak seg heldt ho leiinga heilt til mål.

Dette er andre gongen Therese Falk går av med sigeren i Bislett 24-timers, men første gongen ho tek samanlagtsigeren.