Sunnmøre fotballkrets har torsdag lagt ut ei oversikt over kampdagar for sine divisjonar til 2017-sesongen.

Hareid har dei siste åra hovudsakleg hatt kampar på torsdagane, men dette blir no endra til fredagskampar i 4.-divisjon.

I 5.-divisjon har vi ingen lag frå Hareidlandet, men desse kampane skal framover spelast på torsdagar.

For Hasundgot og Hareid 2 i 6.-divisjon har det vore meir varierande kampdagar den siste sesongen, men hovudbolken av kampane har blitt spelt måndag. Frå 2017 skal kampdag i 6.-divisjon vere onsdag, skriv SFK på sine nettsider.

Onsdag blir også kampdag i kvinnenes 3.-divisjon, der Hødd skal spele den komande sesongen.