– Eg fekk boka frå trykken ei veke før eg hadde sett føre meg, så då får eg ekstra god tid til å selje boka no fram mot jul, seier Arne Flatin til Vikebladet Vestposten.

Boka Hødd-patrioten, NRK-journalisten og statistikaren snakkar om er sjølvsagt årets Hødd-årbok. Proppfull med statistikkar, gode historier og ikkje minst flotte bilete, av alle lag innan alle sportar IL Hødd er aktive innan, har boka blitt ein tradisjon for mange å skaffe seg. Anten til seg sjølve eller til andre i julegåve. Flatin står også i år for salet av bøkene.

– Eg har vore fleire stader allereie, og mange eksemplar har gått med. Men eg har framleis godt med bøker igjen. Førstkomande fredag blir eg til dømes i Ulsteinhallen under Hødd handball sitt 70-årsjubileum.

Eit innhaldsrikt 2016

Det er oftast ei fast gruppe som kjøper boka – med unntak av 2012 – då Hødd på sensasjonelt vis vann cupfinalen mot Tromsø på Ullevaal.

Det har skjedd mykje spanande også i år. I sommar gjesta Norges handball-landslag for kvinner Ulsteinhallen og Hødd, og spelte mot andre nasjonar i Ulstein Cup. I september var også fotball-landslaget for kvinner på besøk, og spelte landskamp mot Israel.

– Ulstein Cup var det største i år, noko som berre kunne blitt «matcha» dersom Hødd hadde sikra seg opprykk. No gjekk det jo som kjent ikkje slik, då det i staden blei eit nedrykk.

Hødd sin veg mot eit tungt nedrykk er skildra i boka.

Tek ei ferieveke før jul

Det er inga tvil om at Arne nyttar mykje tid på arbeidet med å lage årbok. Han tek seg også i år ei ferieveke frå jobben i NRK før jul, der han er på ulike stader i Ulsteinvik og sel årboka. Arne laga og gav ut jubileumsbok i 2009, ei oppfølging av den første jubileumsboka han gav ut i 1994 då Hødd var 75 år. No er planen å lage nok ei jubileumsbok i 2019. For å ha kontrollen fram mot denne boka har Arne no difor laga årbok for kvart år sidan 2009, og skal halde fram til 2019.

– Eg gjer dette på dugnad, og tener ikkje ei krone på arbeidet. Eg gjer dette fordi eg likar å gjere det, og fordi eg meiner det er viktig for IL Hødd å dokumentere kva som skjer i klubben. Overskotet går tilbake til gruppene.