Steinar Lein har valt å flytte heim til Haugesund. Det skriv Hødd i ei pressemelding onsdag. Dermed er det ei ny stilling som skal fyllast i Hødd før den komande sesongen. Steinar Lein hadde i utgangspunktet kontrakt med Hødd også i 2017.

"Etter årets sesong har Steinar vurdert situasjonen med familien som i heile perioden har budd i Haugesund, og konkludert med at han ønskjer å flytte heim til kona og sine to barn. Steinar og Hødd har gjennom alle desse tre åra hatt ein tett og god dialog i forhold til Steinar sin familiesituasjon, og klubben har forståing for den avgjerda som Steinar no har landa på." Det skriv Hødd i pressemeldinga.

Lein tok over hovudansvaret for Hødd sommaren 2016, men klarte ikkje å berge ny kontrakt i Obosligaen.

"Vi set stor pris på Steinar både som trenar og menneske, og vil takke han for den gode innsatsen han har lagt ned i klubben. Vil også takke Cathrine, Tobias og Emilie for at vi har fått «lånt» Steinar desse tre åra, Vi ønskjer Steinar og familien alt godt vidare", seier Andrè Nevstad i Hødd.

I pressemeldinga frå Hødd seier også Lein han har trivst svært godt i klubben.

"Eg har blitt sterk knytta til både klubben og folka her. Men det er ikkje til å legge skjul på at det også har vore krevjande å vere borte frå familien i så lange periodar. Både Emilie og Tobias er aktive, og det å få følgje dei tettare er noko eg no ser fram til. Når det er sagt så har tida i Hødd vore veldig givande, og eg ønskjer klubben lykke til vidare", seier Lein.

Det er venta at Hødd skal presentere sitt nye trenarteam innen kort tid. Sist veke sa André Nevstad til Vikebladet Vestposten at dei håpa på å få på plass ei løysing første halvdel av denne veka.