Hødd jobbar hardt med å få på plass trenarkabalen for 2017. Onsdag takka klubben Steinar Lein for innsatsen, etter at det vart klart at mannen som hadde hovudansvaret for Hødd i siste halvdel av sesongen vender heim til Haugesund.

Les også: Steinar Lein vender heim

Med Lein ute er det ei ekstra rolle som skal fyllast, men sportssjef André Nevstad fortel at det er eit scenario klubben har jobba ut frå den siste tida.

– Frå dei signala vi har fått så har vi vore kjende med at det truleg kom til å gå den vegen med Steinar. Og som vi skreiv i pressemeldinga onsdag så har vi forståing for det. Då Steinar kom hit var det ikkje utenkjeleg at familien etter kvart skulle bli med oppover, men i den alderen som ungane er og sidan dei trivst godt der dei er, så har det den siste perioden ikkje vore uventa at han kom til å lande der han gjorde, seier Nevstad.

– Eit godt stykke på veg

Difor har Hødd også arbeidd med ei løysing som også inkluderer ny assistenttrenar.

– Då blir det ein liten kabal. Som eg sa sist så har ein ingen garantiar, men vi hadde håpa å få ting på plass i første delen av denne veka. Vi har kome eit godt stykke på veg, men ting er ikkje klart før det er heilt klart, seier sportssjefen.

Nevstad legg til at løysinga ser ut til vere nære, men no vil han ikkje tidfeste når ein kan vente trenaravklaringa.

– Vi har kome godt på veg mot ei løysing som vi har jobba med ei stund, og som vi meiner er god. Vi er like rundt hjørnet, men ting er ikkje på plass før det er på plass.

Men også Nevstad kjenner på ei utolmodigheit for å få på plass den nye trenaren.

– Håpet er at det skal vere på plass rimeleg kjapt.

Vil ikkje kommentere namn

Nevstad ønskjer ikkje å seie noko om kva det er som står att før ein kan presentere sitt nye trenarteam.

– Vi jobbar med ein plan om å lande alt samtidig, der vi får sette saman eit team med dyktige folk. Det trur eg også vi skal få til.

Som Vikebladet Vestposten har skrive tidlegare skal Arild Sundgot vere ein kandidat for ei rolle i det nye trenarteamet, truleg som hovudtrenar. Fleire kjelder lokalavisa har vore i kontakt med peikar på at Sundgot skal vere nærme ein retur til Høddvoll, 20 år etter at han gjekk frå Hødd til Lillestrøm. Samstundes har Amund Skiri vore kopla til den ledige trenarjobben. André Nevstad er ikkje interessert i å diskutere namn.

Les også: Er denne mannen aktuell for Hødd? (For abonnentar)

– Nei, det ønskjer eg ikkje å gjere. Vi har hatt ei liste med ein del kandidatar som vi har sjekka og diskutert, og der vi mellom anna har sett på samansetnad av typar og slike ting. Så har vi kome fram til ei løysing som vi trur kan bli veldig bra, men vi må få alle faktorane på plass før vi er i mål. Det håpar eg vi skal vere om ikkje så lenge.