Sundag kveld går påmeldingsfristen ut, og turneringa må ha med fleire lag i desse klassane for å få avvikla dei.

I herreklassen står det betre til, der det fredag var meldt på 14 lag, men Hareid IL skriv på sine nettsider at dei håpar på minst seks lag til før påmeldingsfristen går ut.

I alle klassene er det eit stykke fram til fjorårets turnering. Då stilte 21 lag i herreklassa, sju i dameklassa og 12 i ungdomsklassene.

Det var RISK som vann herreklassen, «Navnløs» i dameklassen, medan Sevi FC og Diosas Futbol gjekk sigrande ut av ungdomsklassene.