Steffen Moltu og Bendik Torset har begge signert nye kontrakter med Hødd, og klubben har dermed sikra nye kontrakter med seks av spelarane som var på utgåande kontrakt etter 2016-sesongen. Det skriv Sunnmørsposten onsdag (krev innlogging).

Frå før har både Jesper Törnqvist, Martin Mork Breivik, Magnus Myklebust og Vegard Heltne signert nye kontrakter.

På same måte som Vegard Heltne har Moltu og Torset signert på eittårskontrakter med Hødd. Dei tre andre har signert toårskontrakter.

Hødd har si første trening etter juleferien onsdag, og startar no på det som truleg blir ei hard treningsperiode fram mot seriestart. Sindre Eid har signalisert at han ønskjer eit svært godt trent og svært motivert Hødd-lag i 2017.

Joakim Wrele har forlete Hødd til fordel for Levanger, medan Christoffer Aasbak venteleg blir klar for ny klubb om ikkje alt for lenge. Joachim Magnussen er sistemann på utgåande kontrakt i Hødd.

Kjem opp spelarar frå rekruttgruppa

Til Vikebladet Vestposten seier André Nevstad at han er glad for å ha signert dei to erfarne og lokale spelarane i Moltu og Torset, og han legg til at klubben har vore i dialog med Joachim Magnussen, men at ein ikkje har kome i mål om ein avtale.

Nevstad understrekar samstundes at Hødd vil satse på dei unge spelarane.

- Vi hadde møte med rekruttgruppa i går, og det er ikkje til å leggje skjul på at det er spelarar der som kjem til å vere ein del av A-stallen denne sesongen. I tillegg skal vi ha gode hospiteringsordningar for dei mange spelarane som bankar på døra til A-laget, seier Nevstad.

- No har vi fått på plass to erfarne og lokale spelarar, men vi skal også ha opp svoltne, unge spelarar. Det er viktig for oss både på kort og lang sikt, seier Nevstad.

Sportssjefen i Hødd fortel også at A-stallen truleg vil krympe noko frå 2016, og Nevstad reknar med at ein ender med ein A-stall som har 16-17 utespelarar. Hødd har også keeperane Jan-Lennart Urke og Ole Monrad Alme på kontrakt.

Les også: Trio har signert for Hødd

Les også: Ny kontrakt for Vegard Heltne

Steffen Moltu har signert ny kontrakt med Hødd.