<strong>KM:</strong> Arve Hatløy og Dimna IL ser no fram til ei hektisk helg i Ulsteinhallen, der ein har over 250 påmeldte utøvarar til ope KM i friidrett.

KM: Arve Hatløy og Dimna IL ser no fram til ei hektisk helg i Ulsteinhallen, der ein har over 250 påmeldte utøvarar til ope KM i friidrett.

Hektisk NM-generalprøve i Ulsteinhallen

Full fart og stramt tidsskjema når Dimna IL arrangerer ope KM med over 250 påmeldte.

Innandørs-NM i friidrett nærmar seg med store steg, og no er det berre om lag tre veker til den store friidrettsfesten i Ulsteinhallen.

Men allereie denne helga blir det ein liten forsmak på friidrettsfesten, når Dimna IL arrangerer ope KM for Møre og Romsdal.

Over 700 startar

Trenar Arve Hatløy i Dimna IL fortel at påmeldinga til stemnet har vore svært god.

– Ja, vi hadde rekna med at det kunne blir om lag 200 deltakarar og kanskje 5–600 startar, men no er vi oppe i 250 påmelde deltakarar og over 700 startar, seier Hatløy.

Han ventar at det kjem endå nokre fleire etterpåmeldingar og det er dermed klart at det blir eit stort stemne i Ulsteinhallen, og dermed også ein god test for dei som skal vere funksjonærar. Ei fin generalprøve før NM, med andre ord.

– Det blir ein veldig fin test, og i dag hadde vi eit kurs der vi drillar det datatekniske for dei som skal halde på med slikt. Stemnet til helga blir også god trening på alle øvingar. Det er mykje som skal klaffe under NM og no får vi ei god gjennomkøyring både på folk og utstyr, seier trenaren.

Måle framgang

For utøvarane blir dette årets første stemne, og Hatløy ser på KMet som ei fin sjanse til å måle treningsframgangen.

– Det er ikkje eit stemne vi har lada spesielt opp til og derfor er det meir håp om at utøvarane kan vise framgang frå tidlegare, seier han.

På heimebane har Dimna IL mange utøvarar som får starta konkurransesesongen til helga, men nokre av dei som skal vere med under NM er ikkje til stades denne helga.

– Dei som bur i Oslo ladar opp med trening der, seier Hatløy. For dei som er på plass i Ulstein blir det likevel ein fin sjanse til å teste vinterforma, og kanskje kan også nokre utøvarar nærme seg kvalifiseringsgrensa til NM.

– Vi har nokre 15-åringar som ligg på grensa, men dei er noko unge endå. Dei mest aktuelle utøvarane er allereie på plass til NM. Denne helga handlar det meir om å sjå at ein er på rett veg med den treninga vi gjer, fortel Hatløy.

Han ser fram til ei hektisk helg med eit stramt tidsskjema for å få gjort unna alle øvingane.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre