I 2017 startar Hødd opp Hødd-skulen, med mål om å på sikt skape fleire lokale A-lagsspelarar som skal sørge for at klubben er ein del av norsk toppfotball.

For å få til det er fire mann tilsett i Hødd. Arnfinn Ingjerd kjenner dei fleste frå før. Den tidlegare Hødd-trenaren har mellom anna vore, spelarutviklar og landslagssjef på aldersbestemte landslag. No skal han leie arbeidet med Hødd-skulen i ei tiprosentstilling.

Tre spelarutviklarar

Med seg på laget får han Sander Håskjold Nyland, Tarald Laugsand og Sebastian Nilsen som spelarutviklarar. Håskjold Nyland har allereie jobba i Hødd eitt års tid, medan dei to andre er nytilsette.

– Eg har studert Sports Management i Molde, samstundes som eg har arbeidd både i breiddeavdelinga og akademiet til Molde FK, spesielt rundt spelarane frå 10–12 år. I tillegg har eg arbeidd i kretsen der oppe og vore fylkeslagstrenar, før eg den siste tida har jobba i Sunnmøre fotballkrets, fortel Tarald Laugsand.

Sander Håskjold Nyland har det siste året vore hovudtrenar for Hødd sitt G14-lag, i tillegg til å jobbe både med Hødd si fotballfritidsordning og som keepertrenar.

– Tidlegare har eg studert coaching og idrettspsykologi ved Idrettshøgskulen i Oslo og eg har UEFA B-lisens. Då var eg også trenar for aldersbestemte lag i Ullern, G16 og G13, før vegen gjekk heim til Sunnmøre hausten 2015, med eit håp om å kunne få ei stilling i Hødd før 2016-sesongen, fortel voldingen.

Sebastian Nilsen kjem opphavleg frå Tønsberg, men har mellom anna fleire år bak seg i Sogndal.

– No held eg på med coaching og leiing ved Høgskulen i Drammen, og satsar på å vere ferdig med det etter heimeeksamen til helga. Eg har UEFA B-lisens og har halde på som trenar i snart åtte år.

I Sogndal var han instruktør på akademiet til Sogndal Fotball og hadde eitt år ansvar for deira smågutelag, i tillegg til å ha vore assistenttrenar for Kaupanger, før turen gjekk heim til Tønsberg.

– Der var eg sportsleg leiar for eit nystarta akademitilbod der i tillegg til å trene eit G16-lag, seier Nilsen, som også arbeidde ei periode i Kina i 2016.

Fleire lokale spelarar

Dei tre unge spelarutviklarane skal alle arbeide fulltid i Hødd, medan «rektor» Arnfinn Ingjerd skal inn i ei mindre stilling.

– Eg er utviklingsleiar med hovudansvar for Hødd-skulen i ei tiprosentstilling. Jobben blir å setje i verk Hødd-skulen, saman med desse gutane og saman med resten av trenarane i klubben, fortel Ingjerd.

Han var tidlegare prosjektleiar for eit toppspelarutviklingsprosjekt i Hødd, og Ingjerd fortel at mykje av tankegodset derfrå no er med inn i Hødd-skulen.

– Målet er å utvikle fleire lokale spelarar til A-laget vårt. I norsk toppfotball. Det er hovudmålet, og det skal skje samstundes som vi forbetrar breiddefotballen og jentefotballen. Det er ganske unikt det som Hødd gjer no, seier Ingjerd.

Han understrekar at Hødd aldri kan ta vekk breiddeaspektet av klubben, fordi Hødd er både topp og breidde.

– Det ligg også i verdigrunnlaget vårt. Vi skal ha eit tilbod til alle, både på gute- og jentesida, fram til dei er 19 år. Det kan ein ikkje rokke ved, slår han fast.

Arnfinn Ingjerd meiner det viktigaste Hødd gjer i si nye satsing er tilsettinga av dei tre spelarutviklarane.

– Eg synest også det er ganske fantastisk at klubben gjer eit slikt grep i den situasjonen ein er i.

Ingjerd peikar då på fjorårets nedrykk til 2.-divisjon, kombinert med dei tunge tidene i det private næringslivet.

– Eg er mektig imponert over klubben si satsing. At styret i klubben tek den satsinga no, det synest eg er heilt fantastisk.

Hødd-skulen

Gjennom Hødd-skulen blir det innført ei rekkje tiltak for å nå målet om eit Hødd-lag med fleire lokale A-lagsspelarar. Og satsinga startar med dei yngste og varer heilt til dei eldste aldersbestemte spelarane.

Ingjerd fortel at det mellom anna skal opprettast ei gruppe satsingsspelarar mellom 16 og 20 år, Team Søre-satsinga skal vidareførast og løftast endå meir enn tidlegare.

– Vi ønskjer å legge endå meir krefter inn i Team Søre, og der ligg også mykje naboklubbsamarbeid, seier Ingjerd.

Og samarbeid med naboklubbane er også noko Hødd ønskjer å utvikle, og som Sebastian Nilsen skal jobbe spesielt med.

I tillegg skal Hødd si fotballfritidsordning vidareførast, medan dei tilsette i Hødd-skulen vil ha ansvar for Hødd Ekstra. Det vil vere eit treningstilbod for spelarar i alderen 6 til 12 år i regi av dei tre spelarutviklarane. Det kjem i tillegg til dei vanlege treningane til laga og Ingjerd fortel at dette er ei satsing for dei ivrigaste spelarane.

– Det er for dei som er gira på fotball og som ønskjer å finne ut kor gode dei kan verte. Det byrjar vi med torsdag neste veke. Denne nysatsinga vil gje eit løft for spelarutviklinga i dei yngre aldersklassene, seier Ingjerd. Han understrekar at ein ikkje plukkar ut spelarar til Hødd Ekstra, men at det i staden er for dei som ønskjer den ekstra treninga.

– Det er likevel ikkje tvil om at målgruppa er gutar og jenter som vil noko med fotballen og ønskjer å vite kor gode dei kan verte, seier han.

Viktige foreldre

Spelarutviklarane skal også gje ei ekstra hand til foreldretrenarane i klubben.

– I mentorrolla vil desse karane ha to lag kvar, frå sju til tolv år, der dei skal vere medspelarar, diskusjonspartnarar og vere ei støtte for foreldretrenarane. Dei gjer ein fantastisk jobb og er på mange måtar grunnfjellet i Hødd. Det vil dei også vere framover, og det at vi tilsett desse karane er ikkje for å erstatte foreldra, men for å få meir kompetanse og meir ressursar på trenarsida, samt å hjelpe foreldretrenarane.

Utruleg spanande

Alt i Hødd-skulen skal byggje på den ”Blå Tråden”, der det skal vere ein samanheng i alt spelarane gjer frå dei startar som 6-åringar og fram til nokre av dei ein gong er klare for å ta steget opp på Hødd sitt A-lag.

– Vi skal bygge oppover heilt opp til 2600 treningar og det skal vere ein samanheng i utviklinga til spelarane. Med ein utviklingsplan slik som ein har i skulen, forklarer Ingjerd. Arbeidet er allereie så smått i gang, og spelarutviklarane er tydleg motiverte for oppgåva.

– Dette er ei markant satsing i norsk målestokk, spesielt med det som går på barnefotballen, og det synest eg er utruleg spanande, seier Sebastian Nilsen.

Tarald Laugsand synest også prosjektet er svært spanande.

– Eg hadde andre moglegheiter, men dette prosjektet kunne ein ikkje seie nei til. Det er såpass unikt, ikkje berre lokalt, men også nasjonalt. Som ein ung trenar så var dette eit prosjekt eg måtte vere med på, seier Laugsand.