Torsdag presenterer Kongsvinger sin nye hovudtrenar, etter at Luis Pimenta ikkje vart samd med klubben om forlenging av si kontrakt. Den portugisiske trenaren tok Kongsvinger til både cupfinale og Eliteseriekvalifisering sist sesong.

No ser det ut til at Hans-Erik Eriksen tek over på Gjemselund. Mellom anna skriv VG torsdag at 39-åringen er den som skal presenterast under ei pressekonferanse torsdag ettermiddag. Kongsvinger stadfestar sjølve at ny trenar er klar.

Eriksen vart tilsett i Hødd før 2016-sesongen, men allereie før halvspelt sesong vart han løyst frå kontrakten med Hødd.

Oppdatering 13:00: Hans-Erik Eriksen er blitt presentert som ny hovudtrenar i Kongsvinger under ei pressekonferanse.