Fredag ettermiddag vart det klart at Arild Sundgot trekkjer seg som assistenttrenar i Hødd. IL Hødd Fotball sin styreleiar Håvard Haanes seier klubben har visst om avgjerda nokre dagar.

- Det er aldri kjedeleg å vere i Hødd, slår Haanes fast.

Han fortel at klubben vart informerte om at Sundgot hadde ei privat utfordring som ein ikkje klarte å finne ei løysing på.

- Til sjuande og sist ender det med at han må flytte nedatt til familien. Vi kan ikkje seie så mykje meir enn det, men Arild er veldig lei seg for dette og understrekar at det ikkje har noko med Hødd å gjere. Han kjenner seg veldig godt teken imot, men når det blei slik så må han berre flytte nedatt, seier Haanes som legg til at han håpar ting løyser seg på ein bra måte for Sundgot sin del.

Trur på snarleg løysing

Då Arild Sundgot vende tilbake til Hødd i desember, 20 år etter at han forlot klubben til fordel for Lillestrøm, var det ei signering som vart teken godt imot. No må Hødd ut på ny assistenttrenarjakt.

- Der er vi eigentleg godt i gong. Vi hadde faktisk håpa på at vi skulle klare å kombinere dette med at vi også hadde noko nytt på plass. Så fort har det ikkje gått, men dersom vi får til det vi held på med så tek det ikkje så lang tid. Eg håpar at vi skal ha ei løysing på plass i løpet av neste veke, seier Haanes.

Styreleiaren fortel at jobben for Hødd sin del no handlar om å finne best mogleg løysing for klubben.

- Når dette først skulle skje så var det nok greitt at det kom såpass tidleg. Det hadde vore noko anna om det skjedde like før første seriekampen. No får vi moglegheita til å børste av oss støvet og få sett eit trenarteam så tidleg som råd. Når det først gjekk gale for oss så har vi heldigvis godt med tid fram til sesongstart slik at vi kan finne gode løysingar.

- Vi synest eigentleg at dette er mest synd for Arild og vi håpar ting ordnar seg for han, medan vi skal finne gode løysingar for Hødd, avsluttar Håvard Haanes.