Torsdag signerte Sparebanken Møre og Dimna IL på ein ny samarbeidsavtale. Det skriv Dimna IL i ei pressemelding.

- Vi er veldig imponert over alt det Dimna IL har fått til dei siste åra. Dei har rett og slett blitt ein føregongsklubb for friidrett i Møre og Romsdal, seier Nina Holm Sundgot i Sparebanken Møre i pressemeldinga.

- I tillegg til å utvikle både toppidrettsutøvarar og eit godt breiddetilbod, så jobbar dei godt med utvikling av organisasjonen. Dette viser igjen på kvaliteten på trenarane, og ikkje minst den profesjonelle måten dei handterer både store og små arrangement på, seier Holm Sundgot.

Samarbeidet mellom Sparebanken Møre og Dimna er ikkje nytt, og i pressemeldinga skriv Dimna IL at banken har vore ein viktig økonomisk støttespelar både når det gjeld utstyr i hallen og når Dimna IL har teke på seg store arrangement som kretsmeisterskap, ungdomsmeisterskap og ikkje minst den komande Norgesmeisterskapen i friidrett for seniorar 4. – 5. februar i år.

- Vi er nok mest kjent for det arbeidet vi gjer inn mot fotballen i fylket, fortel Holm Sundgot, men vi har også jobba målretta inn mot friidretten dei siste åra, blant anna gjennom eit godt samarbeid med kretsen og aktivitetar retta inn mot trenarutvikling, kurs for lærarar og ikkje minst Skulecupen i friidrett. Vi ynskjer saman med Dimna IL å legge til rette for eit høgt og godt aktivitetsnivå innan friidretten også dei komande åra, og gler oss til å fylgje både utøvarar, foreldre og resten av støtteapparatet vidare i det gode arbeidet dei gjer.

- For Dimna IL betyr det mykje å ha Sparebanken Møre med som ein av hovudsponsorane for klubben. Vi har over fleire år hatt eit godt samarbeid og vi set stor pris på at banken vil fortsette å støtte opp om det arbeidet som vert gjort i klubben seier Kristine Gølin Haddal, leiar for marknad og sponsor i Dimna IL.