Det er ikkje lange stunda sidan Arild Sundgot vart presentert som assistenttrenar i Hødd, men fredag ettermiddag er det klart at Sundgot likevel ikkje kjem til å vere med i Hødd sitt trenarteam.

I ei pressemelding frå Hødd fører private årsaker til at Sundgot vender tilbake til Austlandet og familien der.

Arild Sundgot seier at dette har vore ein tøff og vanskeleg prosess, som dessverre har enda med at han må trekke seg ut av trenarrolla i Hødd, skriv klubben i pressemeldinga.

- Eg hadde sett fram til å bli ein del av Høddfamilien igjen, og i den korte tida eg har vore i Ulsteinvik no so har eg vorte fantastisk godt tatt imot av administrasjonen, trenarar, spelarar, supporterar; ja heile klubben. Dessverre so dukka det opp utfordringar som gjorde at eg måtte endre prioriteringane mine, og det er derfor med svært tungt hjarte at eg i dag har informert klubben om at eg må avslutte avtalen. Det er viktig for meg å poengtere at avgjera er utelukkande grunna  private årsaker, og har ingenting med Hødd å gjere, avsluttar Arild.