Da sesongen i fjor vart avslutta gjekk mange av dei aktive utøvarane frå Åmdal IL Alpint og Volda Alpin over til Ørsta Alpin. Dette for å få eit tettare samarbeid med tanke på gjennomføring av treningar, det administrative kring klubbleiing og for skape eit betre klubbmiljø for dei få, i Ørsta og Volda kommune, som satsar aktivt på alpint.

Sidan da har det blitt mange treningstimar på Juvassbreen og Bjorli frå juli og fram mot sesongstart. Dette grunnlaget viste igjen i det fyste rennet for kretsen som gjekk av stabelen på Bjorli. Der arrangerte Rauma Alpin Bjorlirenna no fyste helga i januar. Dei fleste som deltok kom frå Møre og Romsdal, men der deltok også løparar frå Lillehammer, Oppdal og Trondheim.

19 av Ørsta Alpin sine alpinistar deltok, og det er det kjekt å kunne registrere at Ørstingane beit frå seg med fleire pallplassar og personlege forbedringar frå i fjor. Dette betyr at all treninga som ligg til grunn har gitt god framgong.

Rangering av løparane vert gjort frå gruppa U12 og oppover, og blir brukt som eit målbart resultat som vil kunne vise at trening gir utvikling og framgong. Og det kan me trygt seie etter rennresultata, at regelmessig trening gir resultat, for Ørsta Alpin kom heim igjen med 8 klassesigrar, to 2. plassar, tre 3. plassar og fleire personlege forbedringar. Berre små hundredeler skilte mellom plasseringane, så det var særs spanande å fylje med.

Begge dagane deltok desse løperane både i storslalåm og slalåm:JU8: Aleah RebbestadGU8: Tord ØyeJU9: Anne Sofie Tvergrov og Oda Aarskog WalsethGU9: Anders StrandenJU10: Anabelle Rebbestad

I storslalåm på laurdag fekk ØIL Alpin desse resultata:JU12: 1. plass: Ariana Rebbestad, 2. plass: Marthe Aarskog Walseth, 6. plass: Jenny Kristin Tvergrov, 13. plass: Tuva ØyeGU12: 9. plass: Henrik StrandenJU14: 1. plass: Anny Våge Molvær, 2. plass: Mathea Stranden, 4. plass: Mabel Borgen Varpen.GU14: 1. plass: Bendik Åmbakk.GU16: 7. plass: Trym ØyeGU18: Eirik Rekkedal ÅmbakkI slalåm på søndag fekk ØIL Alpin desse resultata:

JU12: 1. plass: Ariana Rebbestad, 3. plass: Marthe Aarskog Walseth, 4.plass: Jenny Kristin TvergrovGU12: 3. plass: Henrik StrandenJU14: 1. plass: Anny Våge Molvær, 3. plass: Oda Brenne, 4. plass: Mathea StrandenGU14: 1. plass: Bendik ÅmbakkGU16: 5. plass: Trym ØyeGU18: 1. plass: Eirik Rekkedal Åmbakk

Ref: Ørsta IL Alpin