Sundag var andre og siste dag av opent KM i friidrett i Ulsteinhallen og som laurdag vart det ein spanande dag med mykje flotte prestasjonar.

Johanne Rise Kvalen imponerte i lengdegropa laurdag og sikra seg fleire kretsmestermedaljar sundag. I høgde sikra ho seg 955 Tyrvingpoeng med eit hopp på 1,60. Siger blei det også på 60 meter med tida 8,45.

Også Anna Kleven heldt fram dei gode taktene frå laurdag og tok KM-gull både på 60 meter og på 400 meter. På 60 meter leverte ho sterke 8,47, medan det blei 1.06,64 på 400 meter.

I lengde uten tilløp i J15-klassa var det ein rein Dimna-duell der Synne Håheim gjekk sigrande ut med eit hopp på 2,22. Leonita Brandal tok andreplassen og Malene Skaar Berg kom på tredjeplass.

Før jul sette Jonas André Ose ny norsk aldersrekord på 60 meter med knallsterke 7,21. Fullt så raskt gjekk det ikkje under KM, men det luktar framleis svidd når ungguten set avgarde. Sundag blei det 7,38 og solide 1045 Tyrvingpoeng på Ose.

På 400 meter i G15-klassa vart det siger til Sunndal IL og Erlind Lund Johansen med tida 57,59. Daniel Ottesen Engan og Eivind Andreas Teige Grov frå Dimna IL tok dei neste plassane. I G16-klassa tok Kevin Olai Svarstad Wingsternes andreplassen på 400 meter med 57,12.

Sjå alle resultat frå KM på Dimna IL sine sider.

Arve Hatløy kunne gle seg over fleire gode prestasjonar under KM, sjølv om det er ei stund igjen til dei fleste skal finne toppforma. Positivt var det også at sjølve arrangementet gjekk som det skulle berre nokre få veker før NM.

- Arrangementsteknisk har det gått veldig bra, og alt har glidd etter skjema slik som det skulle. Det er vi veldig nøgde med, seier Hatløy.

I rute

Han er også nøgd med mange av resultata som er levert i løpet av helga, sjølv om det hovudsakleg har vore mange unge deltakarar i sving.

- Vi ser at dei eldste som er her er i god rute fram mot NM og UM, seier Dimna-trenaren.

Ein av dei som truleg får med seg både UM og NM er Jonas André Ose som blir 15 i år. Han leverte såpass på 60 meter at han hadde vore med i kampen om gullet også i seniorklassa under KMet, sjølv om han var eit stykke bag sin eigen pers.

- 60 meter er så avhengig av å få ein god start, og her hadde han ei svært dårleg reaksjonstid. Han tapte over eit tidel berre ut frå blokka. Han er i rute, meiner Hatløy.

Trenaren slår fast at UM blir hovudfokuset for Ose denne sesongen, men at han har levert så gode tider at han også kan få prøve seg under NM på heimebane i Ulsteinhallen.

- Han er aktuell både for 60 meter, 200 meter og kanskje for ein stafett. Han vil truleg få prøve seg, så sant han er frisk og rask, seier Hatløy.

Også Johanne Rise Kvalen blir truleg å sjå under NM.

- Ho hadde eit veldig godt hopp med 5,29 i lengde i går, sjølv med dårleg planke. Når ho treff planken så nærmar ho seg 5,50 trur Hatløy.

Dimna har også ein del spanande utøvarar i 15-årsklassa og nokre av jentene kan kanskje vere aktuelle for eit stafettlag under NM, men trenaren meiner i utgangspunktet at det er UM som vil vere hovudmålet for desse utøvarane.

- I 15-årsgruppa har vi mange som er veldig flinke til å trene og som hevdar seg godt og har bra framgang. Det er eit godt årskull både på gute- og jentesida. Dei blir litt unge for NM no og det er trening fram mot UM som blir viktigast for desse.

Glir godt før NM

Det er berre tre veker til Dimna IL står som arrangør for senior-NM i friidrett, og då er det godt å sjå at dei mange funksjonærane som er i sving også ser ut til å ha funne forma.

- Det er veldig kjekt å sjå at både dei tekniske systema fungerer og at folka som skal betene dei gjer ein kjempejobb. Alle er sjølvgåande og gjer jobben dei skal gjere. Det gjer at ting glir godt sjølv om det er mykje aktivitet i hallen, seier Arve Hatløy.

Så no er det berre å gle seg til NM?

- Ja, det er det! slår Hatløy fast og legg samstundes til at det byrjar å minke på billettane til den store friidrettsfesten i Ulsteinhallen.

Sjå stor bileteserie i toppen av saka