Harald Åsland Riise blir Sindre Eid sin assistenttrenar i 2017-sesongen. Han går umiddelbart inn i trenarteamet, og vil delta på si første trening tysdag denne veka. Harald har lang fartstid i Hødd både som tilsett i administrasjonen, som spelar og hovudtrenar for A-laget. Det er ein rutinert klubbmann som no blir ein del av trenarteamet i 2017. Det skriv Hødd i ei pressemelding.

Harald skal kombinere sin sivile jobb i RørserviceUri AS, med jobben som assistenttrenar i Hødd.

Sportssjef André Nevstad er nøgd med at Harald er tilbake:

«Vi er veldig trygge på at Harald vil utfylle Sindre og resten av trenarteamet på ein veldig god måte. Han kjenner klubben og miljøet betre enn dei fleste etter mange år i ulike roller og posisjonar. Vi veit kva vi får med Harald, både som trenar og som menneske, og det er eigenskapar som vi veit er dønn solide og som treff oss midt i Hødd-hjartet». Vi er veldig glade for at Harald er tilbake, avsluttar Nevstad.»

Rafael Roldan Bermudez har signert ei 2 års kontrakt som fysisk trenar i IL Hødd Fotball. Rafael har dei siste sesongane hatt denne stillinga i Bergsøy, der han har gjort ein veldig god jobb. Dialogen har gått føre seg ei tid, og både Bergsøy, Hødd og Rafael har vore konstruktive og løysingsorienterte i denne prosessen. Rafael vil få ansvaret for den fysiske treninga på A-laget, men også i andre lag i klubben.

Sportssjef André Nevstad er nøgd med at Rafael (frå Spania) blir ein del av Hødd:

«Rafael er ambisiøs, veldig engasjert og har gjennom tida i Bergsøy utvikla seg og gjort ein veldig god jobb. Han har ein type kompetanse som vil kome Hødd-miljøet og spelarane til stor nytte. Fysisk trening, koordinasjon oppfølging av spelarar som skal tilbake etter skade, skadeførebygging, testing, kontroll og oversikt over totalbelastning er nokre av dei områda Rafael skal ha ansvaret for. Vi er veldig godt fornøgd med at Rafael blir ein del av Hødd-familien, og set pris på den gode og konstruktive dialogen vi har hatt med Bergsøy».

Harald Åsland Riise under velgjerdskamp mellom Hødd og AaFK hausten 2016. No skal han inn som assistenttrenar saman med Sindre Eid.