Fredag vart det klart at Arild Sundgot valte å trekkje seg frå stillinga som assistenttrenar i Hødd, berre om lag ein månad etter at han vart presentert. Styreleiar i IL Hødd Fotball, Håvard Haanes sa fredag at Hødd håpa på å snart kunne presentere ei ny løysing, og ein trengde ikkje vente lenger enn til måndag ettermiddag før svaret var klart.

Harald Åsland Riise kjem inn som assistenttrenar og i tillegg har Hødd tilsett Rafael Roldan Bermudez som fysisk trenar.

Harald Åsland Riise skal halde fram i stillinga i Rørservice Uri AS, kombinert med stillinga som assistenttrenar i Hødd.

– Når Hødd spør om noko så brukar eg å seie ja, seier Harald Åsland Riise om sin innsteg i assistenttrenarrolla.

– Eg skal vere med på treningar, vere med på kampane og vere med i eit team som skal gjere det vi kan for at Hødd skal verte så gode som mogleg.

Han seier likevel at det var overraskande å få spørsmålet.

– Ja, det er vel mildt sagt, ler han.

Hadde trua på Sundgot

Åsland Riise fortel også at han synest det var leitt at det ikkje ordna seg med Arild Sundgot i Hødd.

– Eg var, som mange andre, svært nøgd med å få Arild tilbake i Hødd. Det synest eg var heilt topp, og det er veldig trist at det skar seg, seier den nye assistenttrenaren.

Skal ha det moro

No er det i staden Åsland Riise som skal hjelpe Hødd tilbake på vegen mot å finne seg sjølv. Finne tilbake til Hødd-fotballen som mange sakna sist sesong.

– Dei siste åra har eg jo sett Hødd mest frå utsida, sjølv om eg har hatt nokre oppgåver inn mot klubben. Som dei som har vore med meg tidlegare har opplevd, både då eg var spelar sjølv, som trenar og i andre oppgåver, så vil eg kalle meg sjølv ein hundreprosentar. Går eg inn for noko så skal det gjerast så godt som mogleg. No når eg skal vere med inn mot laget igjen så er eg oppteken av at det ikkje berre skal vere alvor. Det må også vere kjekt. Sjølvsagt med klokkeklare krav til kvalitet i botn, men eg trur også vi skal prøve å ha det mykje moro. Det var noko vi prøvde då eg var inne som trenar, og mange meinte at det var noko som gjorde oss betre, seier Åsland Riise.

Er dette ei oppgåve du ser fram til?

– Ja, når ein først har sagt ja til noko så ser eg sjølvsagt fram til det.

Men det var ikkje ei oppgåve du hadde rekna med å få?

– Hadde du sagt det for ei veke sidan så hadde det truleg vore det desidert mest framande scenariet eg kunne sjå føre meg i 2017, men då var Arild ein del av Hødd, seier Åsland Riise.