Hareid sitt G19-lag fekk ein svært solid start på 1.-divisjonskvalifiseringa i Sparebanken Møre Arena. Sundag spelte laget sine to første kampar i kvalifiseringa og der enda begge med siger.

Først vart Langevåg slått 2-0 etter to scoringar frå William Valde Bigset. Same mann leverte også to scoringar i dagens andre kamp, denne gong mot Brattvåg. Håvard Øvrelid og Martinus Almli scora også, og sikra dermed ein 4-0 siger for Hareid.

Dermed vart det ei god opning på kvaliken for Hareid sin del. Om ei veke spelar laget ny kamp, då mot Skarbøvik/Hessa. Kvalifiseringa blir avslutta 5. februar. Då har Hareid kampar mot Herd og FK Sykkylven.