Det er berre i overkant av ei veke att til årets friidrettshøgdepunkt i Ulsteinvik, med senior-NM i Ulsteinhallen. Men det skal også springast fort på andre arenaer.

I helga går Fjord1 Indoor Games av stabelen i Florø og der skal Karsten Warholm teste forma på 60 og 100 meter.

Les også: Årets namn i norsk friidrett

Warholm har nyleg returnert til norsk jord etter å ha vore på treningsleir på Tenerife, og no blir det spanande å sjå kor raskt det går med stortalentet denne vinteren.

Under same stemne i 2016 sprang Warholm 60 meter på 6,81 og 100 meter på 10,58. Begge deler er hans personlege rekordar innandørs.

Også i år blir Jaysuma Saidi Ndure truleg den tøffaste konkurrenten på dei to distansane, men ein skal også sjå opp for Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø, som vanlegvis er ein av Karsten sine tøffaste utfordrarar på langhekken.

60 meteren i Florø blir også ein fin test før NM i Ulsteinhallen. Der er Warholm registrert på 60 meter, 200 meter og 400 meter.