Det gjekk skikkeleg raskt med Renate Grimstad under NM i Rudhallen sist vår. Ho sette personlege rekordar både på 60 meter og 60 meter hekk, men dessverre vart ho skadd under semifinaleheatet i hekkekonkurransen.

– På den tredje hekken kjende eg at det rykte litt i hamstringen. Eg kom meg likevel til mål og ”persa” faktisk med ein god del, fortel ho.

Grimstad var då i svært god form, men det viste seg at det var eit feste i hamstringen som hadde roke og med slike skader må ein ta tida til hjelp.

– Ja, det må gro og ein må unngå at det dannar seg arrvev. Ein må trene smart.

Les også: Heim med mål om NM-medalje

Må vere forsiktig

Framleis må ho vere litt forsiktig og bygge seg meir og meir opp, og difor blir det ikkje sprint eller hekkeøvingar på Grimstad denne gongen.

– Det er ikkje mange vekene sidan eg kunne springe opp mot maks igjen, fortel ho. I staden stiller Grimstad i lengde og i høgde utan tilløp.

Sistnemnde øving ser ein stort sett berre på NM-programmet, og heller ikkje Grimstad har mykje erfaring med denne øvinga.

– Eg trur sist eg hoppa var for fire-fem år sidan, ler ho.

Det blir uansett spanande å sjå korleis kroppen responderer etter lengre tids skadeavbrekk, og Renate Grimstad har trua på at ho kan få til nokre gode hopp i lengdegropa.

– Forma er litt så som så, og har ikkje fått prøvd altfor mykje, men dersom eg får eit brukbart tilløp så trur eg det skal gå ganske greitt.

NM har vore målet

Og no får ho sjansen til å konkurrere på heimebane, under eit NM i Ulsteinhallen.

– Det har vore målet mitt. Heilt sidan eg vart skadd så har eg tenkt at det ville vere kjempegreier om eg kunne vere tilbake til NM på heimebane. Det har vore ein stor motivasjon for å kome tilbake, for å trene smart og få den behandlinga som var nødvendig for at eg skulle rekke det. Eg var jo for gamal til å delta då det var UM og det blir faktisk første gongen eg konkurrerer i Ulsteinhallen. Det blir litt stort, seier Grimstad.

Ho legg ikkje lista spesielt høgt i «comebacket», men er svært glad for å vere tilbake på friidrettsbana.

– Men eg håpar likevel på at eg kan hoppe opp mot «pers» i lengde, at eg kan gå derfrå med ei bra kjensle og kjenne at føtene fungerer, avsluttar Grimstad.