Det gjekk styggfort med Karsten Warholm under Indoor Games i Florø sist helg. Det tyder på at han har treft godt på forma før NM på heimebane.

– Eg vil påstå det ja. Det viser at ein del av det vi har gjort i vinter har fungert. Eg vil tru det er endå meir å gå på, men det kjem jo også ein utandørssesong og difor er det heile tida snakk om prioriteringar.

Men nye personlege rekordar både på 60 meter og 100 meter i Florø viser at ein kan ha mykje å gle seg til frå Warholm allereie den komande helga.

– Det var over all forventning og ein må vel tore å sei at det lovar bra for NM, seier Warholm.

Ingen garantiar

Og kanskje er det nokre banerekordar i Ulsteinhallen som skal få køyrt seg når Dimna IL sin største profil vender heim.

– Ein skal ikkje sjå vekk frå noko, men eg gir heller ingen garantiar, slår Warholm fast.

Han kan likevel gle seg over at vinterens trening ser ut til å ha gitt bra resultat og at han fekk gode svar frå kroppen under ”generalprøva” i Florø.

– Det kjendest ut som at tinga vi har jobba med i vinter har kome på plass. Det var krut i steget, sjølv om eg har trent lite sprint. Difor var det på førehand optimistisk å tenkje at eg skulle kunne hamle opp med dei beste på 60 meter, men eg fekk ut det eg skulle og det var kult å sjå at eg ligg framom skjema.

Framom skjema betyr nye personlege rekordar både på 60 og 100 meter. 100 meter-tida var også betre enn hans beste resultat utandørs.

– Det er ganske ”nice”. Løpet gjekk også etter to 60 meterløp, og det viser at det skulle vere mogleg å forbetre det også.

Usikker på 60 meter

Men no er det NM som gjeld. Der er Warholm i utgangspunktet sett opp på 60 meter, 200 meter og 400 meter. I tillegg er det ikkje utenkeleg at han er aktuell for ein stafett.

– Det blir 200 og 400 og det ser eg veldig fram til. 60 meter har eg litt open. Eg er meldt på slik at eg kan springe, men det er ein ”bingodistanse” og eg ønskjer å gjere det bra på 400 meter. Eg må passe på at ikkje det eine øydelegg for det andre. Det er betre med eitt godt enn to middels resultat.

For sjølv om han ikkje vil garantere noko, så ønskjer han å vere med heilt i toppen på dei øvingane han stiller på. Warholm har meisterskapserfaring frå Ulsteinhallen og UM i 2015, men no er det senior-NM som gjeld og Karsten håpar på ei knallhelg med mykje folk og gode prestasjonar.

– Eg håpar det blir bra trykk på tribunen og at ein får samla miljøet mitt i Ulsteinvik. Det trur eg kan bli veldig kjekt. Det er blitt lagt ned eit stort arbeid for å stable dette på beina og det gjer det litt ekstra stas.

Og sjølv om det truleg blir mange kjende fjes både på tribunane og rundt løpebana skal ikkje det ta særleg med fokus.

– Det vil nok heller føre til at eg blir endå meir skjerpa, sidan eg ønskjer å prestere på heimebane. Eg kjenner at eg har byrja å bli gira allereie, seier Warholm.