- Veldig kjekt å ta banerekorden frå Karsten (Warholm), sa Jonathan Tetteh Quarcoo flirande til reporteren frå medialinja til Høgskulen i Volda. Quarcoo kjenner Warholm godt frå mange år som ein sterk konkurrent i diverse meisterskap.

Sprintaren sprang i mål på tida 6,78 på 60 meter-finalen under Innandørs-NM i Ulsteinhallen laurdag ettermiddag. I semifinalen var han også best, med tida 6,83.

- Eg var godt fornøgd med finaleløpet. Eg kom i mål tre hundredelar bak min personlege rekord, så det må eg seie meg nøgd med, sa Quarcoo til Vikebladet Vestposten etter løpet.

Quarcoo skal no vidare til landskamp i Finland neste helg.

Imponert over arrangementet

60-meteren var første og einaste øvinga Jonathan Tetteh Quarcoo var med på i Ulsteinhallen denne helga, men han var svært imponert over fasilitetane og alt kring arrangementet.

- Eg synest det har vore eit flott arrangement, med fasilitetane som eit høgdepunkt. Eg er også veldig imponert over opplegget rundt, og vi har også fått den store gleda av å sjå oss rundt her på vakre Sunnmøre, seier Quarcoo.