Heilt til slutt, etter alle dei resterande premieutdelingane, var det tid for utdeling av pris til beste kvinne og beste mann i meisterskapet, sett under eitt. Dimna IL-utøvar Karsten Warholm fekk bestemannsprisen både for laurdag og søndag, etter høvesvis kjempeløpet og gull på 400 meter første dag og 200 meter-gullet siste dag. Hovudpersonen sjølv var godt nøgd med NM heime i Ulsteinhallen.

- Det har vore ei fantastisk bra helg heime i Ulsteinvik, og eg har storkosa meg. Dimna leverer eit heilt ypparleg arrangement, og det er veldig kjekt å sjå att så mange kjente og kjære igjen, seier Karsten Warholm til Vikebladet Vestposten.

- Kan ikkje bli betre

Sjølv om det ikkje blei stafettgull på medaljegrossisten, blei det to gull på super-Karsten.

- Det kan ikkje bli mykje betre enn dette. På det individuelle plan har eg tatt to gullmedaljar, og eg føler det sat godt. Eg føler eg har gjort jobben, seier Karsten.

Forventningane frå heimepublikummet fekk han også kjenne på.

- Klart det. Men det gjorde også at eg sjølv hadde eit desto større ønske om å prestere mitt beste.

- Intet NM har vore i nærheita

Stortalentet som etter kvart har etablert seg som toppidrettsutøvar, og som er eit av norsk friidrett sine største talent, skuffa ikkje på heimebane, framfor sitt aller mest lojale publikum. Det var ingen tvil om at Warholm var den store stjerna i Ulsteinhallen.

- Det har vore heilt utruleg å få delta i eit NM heime i Ulsteinvik. Det er ikkje noko innandørs-NM eg har vore med i som har vore i nærheita av dette, seier Warholm og legg til:

- Eg set stor pris på alle som møtte fram og heia på alle utøvarane. Dei skal ha stor takk for at det blei så mange flotte prestasjonar her i helga.