Totalt 43 studentar, 29 frå journalistikkstudiet og resten frå linja Media, IKT og design (MID), var i sving i Ulsteinhallen laurdag og søndag. Om du var i hallen la du nok merke til ungdommane med blå T-skjorter, som anten filma, intervjua eller sytte for det tekniske og redaksjonelle, som til saman blei til ein flott produksjon. Det studentane laga blei LIVE-strøymer til nettsidene til arrangementet og nettsidene til Norges friidrettsforbund.

Blei kontakta av Dimna IL

Ingen av studentane kom frå Hareidlandet denne gongen, men for høgskulelektor Linda Eikrem og teknisk rettleiar Berge Myrene var det heimebane. Begge var svært imponert over det studentane fekk til.

– Det var flott å få til eit nytt samarbeid mellom journalistikkstudentane og MID-studentane, og sjølv om det blei nokre små utfordringar her og der, er vi er godt nøgde med innsatsen, seier Eikrem og Myrene.

Det blei nok lange vakter på studentane, som var til stades i Ulsteinhallen heile helga.

– Dei var heldigvis flinke til å jobbe på skift, slik at dei fekk seg nokre pausar. Men, det gjorde også at dei fekk prøve seg på litt forskjellig.

Media, IKT og design-studentane sytte for teknikken, medan journalistikkstudentane tok seg av det redaksjonelle. Det blei mang eit liveintervju i løpet av helga, og fleire kommentatorpar fekk prøve seg.

Skryt frå arrangøren

Godord vanka frå både den ein og den andre. Friidrettspresident Tore Hordnes rosa studentane for produksjonen, og meinte at årets NM var prikkfritt.

Også arrangørklubb Dimna IL, med Trond Berg i spissen, var mektig imponert over det Volda-studentane fekk til.

– Den produksjonen vi såg her i helga var det klasse over. Dei har stått på, det er det lett å sjå. Eg kan på vegner av arrangøren seie at vi var svært godt fornøgde med det dei leverte, seier Berg.

– Vi blei kontakta av Dimna etter det vi gjorde under UM, og takka gladeleg ja. Dette var kjekt, og vi gjer det gjerne igjen, seier Linda Eikrem og Berge Myrene til slutt.

<strong>Godt nøgde:</strong> Høgskulelektor Linda Eikrem og teknisk rettleiar Berge Myrene var godt nøgd med innsatsen til studentane frå både journalistikk og Media, IKT og design. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.