Totalt er det meldt opp 23 lag til årets 6.-divisjon på Sunnmøre, og Sunnmøre Fotballkrets skriv no på sine nettsider at desse blir delt opp i to avdelingar som skal spelast som dobbel serie.

Kampdagar for 6.-divisjon er i år sett til onsdagar, og første serierunde skal spelast 19. april.

I 2016 vart laga frå Hareidlandet plassert saman med lag frå søre Sunnmøre, men også nokre frå Sula. Det enda med at fleire lag vart trekte anten før sesongstart eller i løpet av sesongen. I år får ein i staden ei rein Søre-avdeling med 11 lag.

Frå Hareidlandet skal Hareid 2, Hasundgot og Hødd 3 spele 6.-divisjon denne sesongen. Bergsøy 2, Moltustranda, Tjørvåg og det nye samarbeidslaget Gjerdsvika IL/Larsnes/Gursken FK er også med frå ytre, i tillegg til at Åheim/Stadt stiller som avdelinga sitt sørlegaste lag.

I tillegg til desse laga skal det også med tre lag frå Ørsta. Sæbø vart avdelingsvinnarar i 2016 og får i år med seg Vartdal og Åmdal til 6.-divisjon avdeling 2.

Hasundgot opnar sesongen med bortekamp mot Tjørvåg, medan Hareid 2 opnar heime mot Åheim/Stadt. Hødd 3 opnar først veka etterpå med bortekamp mot Åmdal.

PS! Hareid 2 spelte sin første treningskamp for sesongen tysdag kveld. Det enda med ein solid 8-0 siger over avdelingskollega Åmdal. Hasundgot spelar sin første treningskamp i år borte mot Tjørvåg onsdag kveld.