Hareid spelte torsdag årets første treningskamp, heime mot divisjonskollega Bergsøy. Det enda med eit 2–1 tap i Kenneth Moldskred sin trenarretur, men det i ein kamp der Hareid i hovudsak var heilt på høgde med laget frå Herøy.

Eirik Heltne gav Bergsøy leiinga nokre minutt før pause, etter at Bergsøy hadde hatt eit lite overtak i banespelet i den første omgangen. Etter pause var nok Hareid det førande laget, sjølv om kampen var svært jamn. Hareid fekk også utlikninga kort tid etter pause ved Runar Stranden, men Bergsøy var raskt tilbake i leiinga etter scoring frå Craig Rogers.

– Den første kampen i raudt på ti år. Det var ein fin vinterkveld på Hareid med ei fin gruppe, som har jobba godt saman no i fem veker. Det er ganske ny gruppe for meg, men med nokre veteranar som også var med sist eg var i klubben, fortel Kenneth Moldskred.

Hareid sin nye hovudtrenar har dei siste åra mellom anna vore i AaFK, Hødd og Herd, men er no tilbake i klubben der han var A-trenar i perioden 2003 til 2006.

Stort utviklingspotensial

Men sjølv om Moldskred no har vore ute av Hareid-miljøet i vel ti år, har han god kjennskap til mange av spelarane, og då ikkje berre dei som også var i klubben i 2006.

– Her er mange unggutar som eg kjenner frå skulen og frå ulike lag eg har vore med på i tillegg til klubblag, seier Moldskred. Torsdag fekk han for første gong sett laget i kamp, og Moldskred meiner Hareid fekk ein bra start på kampsesongen.

– Vi har ein gjeng som når dei møter opp og jobbar så heilhjarta som dei har gjort hittil på kvar trening, og som i store delar av denne kampen, så er det eit lag med stort utviklingspotensial. Ikkje minst på det som gjeld å få ei meir samla gruppe, som trenar oftare i lag, men også fordi alderen på ein del av karane gir at dei naturleg har eit stort utviklingspotensial.

For Hareid ser ut til å ha ei gruppe unge spelarar, som lovar godt for framtida.

– Vi har ikkje den store breidda i enkelte kull, som gjer at vi må sette saman grupper med stor aldersspreiing. Då er vi avhengige av, og det gir ei veldig fin moglegheit til å gje ein del unge spelarar sjansen til å trene fast, og til å spele mykje saman med og mot spelarar som er ein del eldre.

Og mot Bergsøy fekk mellom anna tre spelarar fødde i 01, i tillegg til fleire fødde i 1999 og 2000 sjansen til å spele.

Denne sesongen skal Hareid ut i ei tøffare 4.-divisjonsavdeling enn den dei så vidt berga plassen i sist sesong. Torsdagens motstandar Bergsøy er eitt av laga Hareid skal møte, i tillegg til lokaloppgjeret mot Hødd 2.

Kampen mot Bergsøy viste at Hareid ikkje treng om å vere så langt unna, men det er framleis langt fram til seriestart.

– Det gjeld å bruke kvar veke så godt som mogleg, og så får vi stole på at det betyr at vi blir betre, seier Moldskred. Etter å ha vore tilbake i Hareid i fem veker kan trenaren fortelje om eit temmeleg godt treningsoppmøte og at dette er noko ein ønskjer å forsterke.

– Vårt hovudønske i år er å gjere den gruppa som ønskjer å møte opp og jobbe lystbetont saman for å verte betre så stabil som råd, og så er det vårt ansvar at det er den gruppa som også får utfordre seg og spele fotballkampar, seier Moldskred.

Har rom til fleire

Mot Bergsøy var Nikolai Røyset tilbake i Hareid-drakta, i tillegg til at Richard Osnes fekk sin Hareid-debut då han stod den andre omgangen. Moldskred legg ikkje skjul på at det framleis er rom til fleire i Hareid-troppen.

– I det byggverket som vi no prøvar å bygge meir solid, så er det klart at det er moglegheiter for å få inn ein par-tre byggesteinar til. Så dersom det er unggutar andre stadar som vil vere med på å vidareutvikle Hareid, så er det berre å ta kontakt. Vi ønskjer å kontinuerleg vidareutvikle den stallen vi har, både når det gjeld ferdigheiter og kva vi har rom til, seier trenaren.

<strong>Debuterte:</strong> Rickard Osnes spelte andreomgangen for Bergsøy og fekk dermed sin debut i Hareid-drakta.