Karsten Warholm sluttar ikkje å imponere. Etter å ha sett norsk rekord, og nest-beste tid i verda så langt i år på 400 meter under NM i Ulsteinhallen, slo Warholm denne helga til med tangering av verdsrekorden på 300 meter hekk.

Korleis kjennest det å vere verdas raskaste på 300 meter hekk?

– Det kjennest ganske bra ut, det er ein ”good feeling”, sjølv om eg må dele den med ein annan. Men akkurat det kan eg leve med, seier Karsten Warholm som sundag har ein roleg dag i Tampere før avreise tilbake til Norge.

Knalltid på uvanleg distanse

Dette var første gongen Warholm testa ut 300 meter hekk.

– Det er ein relativt uvanleg distanse, og det er viktig å ta med i berekninga. Likevel så var tida ganske bra, og der var det mykje å glede seg over. Men ein må vere klar over at dette ikkje kan samanliknast med verdsrekorden utandørs.

For sjølv om tempoet på dei 300 metrane i Tampere var høgt nok til verdsrekord også utandørs, så er det nok eit stykke fram til å kunne halde same tempo gjennom heile distansen på 400 meter.

– Det spørst nok om ikkje det ville halde hardt, ler Warholm.

Mot ei litt rolegare periode

Men sidan dette var første hekkekonkuransen for friidrettskometen i år lovar supertida svært godt for det som skal skje utandørs.

– Det var ein fin start og det blir jo det næraste eg kjem det eg skal gjere ute. Eg synest vi må kunne kalle dette ein ”all right” sesongdebut. Forma kjennest grei, men eg byrjar å verte litt sliten etter tre helgar med ganske hardt køyr. Slike ting kjem ikkje gratis, og det er mykje skjerping og fokusering som skal til, så no kjenner eg at det skal bli godt å kunne ta det litt med ro, seier Warholm.

I tillegg til tangeringa av verdsrekorden på 300 meter hekk, var Warholm også startmann for det norske stafettlaget som avslutta den nordiske landskampen.

– Vi tok den ganske greitt, sjølv om eg var ganske sliten. Vi fekk hala den i land og det er alltid kjekt å vinne stafettar, seier Warholm som sprang saman med Håkon Morken, Torbjørn Lysne og ankermann Mauritz Kåshagen.

EM eller ikkje?

Etter tre harde konkurransehelgar på rad, med sprint i Florø, NM på heimebane og nordisk landskamp på løpande band ser Warholm fram til å kunne ta det litt rolegare ei stund.

– I tida framover er planen i utgangspunktet å byrje med litt meir grunntrening igjen. Sjå meir framover mot utandørssesongen. Men så er det ikkje teke noko avgjerd på innandørs-EM endå, så det må vi sjå litt an

Warholm fortel at avgjerda for om han skal til EM eller ikkje truleg blir utsett så langt som råd.

– Vi bestemmer oss nok ikkje før fristen går ut.

Dersom det blir EM-tur på Warholm så er det for å springe 400 meter flatt, distansen der han sette norsk rekord med 45,96 i Ulsteinhallen.

Nøgd med landslagsdebuten

I Finland har Karsten Warholm delt rom med kjentfolk. Ådne Andersen, som også representerer Dimna IL, og som Karsten bur saman med i Oslo, fekk sin landslagsdebut under den nordiske landskampen. Og Andersen leverte også eit godt resultat i den norske drakta. På 800 meter sprang han inn til ein 5.-plass og sette ny personleg innandørsrekord på distansen.

– Det gjekk så bra som det kunne. Innandørspers er absolutt noko å ta med seg. Eg kjende litt på nervane sidan det var første gongen på landslaget, men eg synest eg innfridde og tok poeng for laget. Det kjendest bra og gav meirsmak, fortel Andersen, som tok NM-gull på same distanse under NM i Ulsteinhallen sist helg.

Ingen kunne gjere noko med danske Andreas Bube, som sprang inn til 1.50,52, men Andersen var ikkje meir enn 46/100 bak sin eigen utandørspers.

– Eg synest eg klarte å henge greitt med fram til det var igjen om lag 200 meter. Då køyrde han som vann eit noko høgare tempo. Eg var kanskje litt kald og kunne kanskje ”gutsa” litt meir, men då hadde sjansen for å stivne og hamne bakarst vore klart større. Alt i alt eit smart og bra løp, og det er godt å kjenne at eg kan spring på 1.53 nesten utan å ha ei einaste trening på 800 meter hittil. Då blir det spanande å sjå kva eg kan få til utandørs, slår Andersen fast.

Ådne Andersen debuterte i landslagsdrakt under den nordiske landskampen i Tampere, og leverte ny personleg rekord innandørs på 800 meter.