Tysdag kveld blir den utsette treningskampen mellom Hødd og Brattvåg spelt på Høddvoll. Som i dei tidlegare kampane denne vinteren stiller Hødd med ei blanding av A-spelarar og rekruttar, og klubben har lagt ut denne troppen til Brattvåg-kampen:

Jan-Lennart Urke, Sivert Pieroth, Martin Mork Breivik, Jesper Törnqvist, Aleksander Rekdal, Hugues Wembangomo, Daniel Eid, Vegard Heltne, Bendik Torset, Eirik Saunes, Håkon Botn Brautaset, Sondre Beite, Robin Shroot, Magnus Myklebust, Peter Hasund og Didrik Sereba.

Dermed manglar både Steffen Moltu, Torbjørn Kallevåg, Preben Sætre og Fredrik Sjølstad, i tillegg til at Ole Monrad Alme framleis har eit stykke igjen før han nærmar seg å verte kampklar. Didirik Sereba trente ikkje med resten av Hødd-spelarane måndag ettermiddag, men er likevel i kamptroppen.

Kampen gir også ein retur til Høddvoll for Brattvåg sin nye trenar, Karl Oskar Fjørtoft, som var assistenttrenar i Hødd sist haust. Han har fått inn nokre nye namn i Brattvåg-troppen, mellom anna Niklas Rekdal og Emil Dahle.

Hødd har møtt Brattvåg til treningskampar dei to siste vintrane, og begge gongane har det enda med storsiger til Hødd. Men sist laga møttest, i 2.-runde i NM 2016, var det Brattvåg som vann 1-0.

Hødd sine treningskampar:

Hødd - Spjelkavik 1 - 0

AaFK - Hødd 4 - 0

Hødd - Herd 7 - 0