Laurdag ettermiddag blir det mykje liv og røre i Ulsteinhallen. For på kva betre måte enn med ein barne- og familiefestival kan ein feire 20-årsjubileet til klubben?

- Det som blir ekstra artig i år er at tre familiar i starten av festivalen skal gjennom ei hinderløype med sju forskjellige øvingar. Øvingar som skal teste familien si styrke, smidigheit og samarbeid. Vi trur dette vil bli populært hos alle som ser på og ikkje minst deltakarane, seier klubbtrenar Magomed-Khan Kudosov.

- Populært tilbod

Etter familieleikane arrangerer klubben barnefestival for tredje år på rad.

- Det er eit tilbod som har vist seg å vere veldig populært blant både born og foreldre. Barnefestivalen er ei konkurransefri samling der det sosiale skal vere det viktigaste. Borna vil bli plassert på ulike postar der dei får prøve forskjellige øvingar og leikar vi elles køyrer under taekwondo-trening. På kvar post vil det stå flere dyktige instruktørar frå klubben vår som skal hjelpe borna med øvingar som dei skal gjennom, samt alt anna dei kan trenge hjelp til. På slutten av barnefestivalen vil alle borna få flotte premiar, kan Kudosov fortelje.