Onsdag reiser Hødd til Molde for det som kan bli lagets tøffaste test i oppkøyringa. På Aker Stadion ventar nemleg Ole Gunnar Solskjær og Molde.

I 2016 var Hødd også i Molde, men då som generalprøve før sesongstarten. Då enda det med ein 2–1 siger til heimelaget, i det som hovudsakleg var ein jamn kamp. Skal det verte jamt også denne gongen må Hødd opp nokre hakk frå sist treningskamp, 2–1 tapet for Brattvåg, og dei må også vere betre enn sist laget møtte Eliteseriemotstand, borte mot AaFK.

Men til kampen mot Molde ser det ut til at Hødd kan stille ein noko sterkare tropp enn kva ein gjorde mot Brattvåg. Då starta Hødd kampen med fem mann i junioralder, og mangla mellom anna Steffen Moltu, Torbjørn Kallevåg, Sondre Beite og Bendik Torset, medan Hugues Wembangomo og Didrik Sereba kom inn som innbytarar.

Ventar tøff utfordring

– Det blir ein tøff test, det blir det, men vi kan ikkje klage når vi får reise til Aker Stadion for å møte Molde. Det får vi gle oss til og så håpar vi på å levere ein solid kamp, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Han ventar at laget hans skal få ein solid test på defensiv struktur, løpskraft og duellkraft.

– Men vi må også vere så offensive i hovudet at vi reiser opp dit og ønskjer å ha ball. At vi torer å angripe Molde og kan plage dei litt. Vi kan ikkje reise dit med ei defensiv tilnærming, men må ha tru på eigne ferdigheiter, seier Eid.

Så langt i år har Hødd brukt mange unge spelarar, og klubben har ønskt å gje rekruttane sjansen til å vise seg fram, både på trening og i kamp. Men mot Molde returnerer truleg nokre av dei meir erfarne til startoppstillinga.

– Vi håpar at Preben Sætre skal få spelt litt, Steffen Moltu er tilbake, Sondre Beite er klar igjen og Bendik Torset. Dermed har vi litt fleire å velje mellom.

Ifølgje Eid er det no berre Fredrik Sjølstad som heilt sikkert ikkje er aktuell mot Molde. Han har vore leggskadd tidlegare i vinter, men er no utilgjengeleg etter ein nyleg augeoperasjon. Og så står det att å sjå kor godt Hødd kan prestere mot laget som kom på 5.-plass i toppdivisjonen i 2016.

– Vi ønskjer jo å vinne alle kampane vi stiller opp i, men no på vinteren er det ikkje alltid at det er det viktigaste, seier Eid.

<strong>Mot gamleklubben?:</strong> Fredrik Aursnes spelte den andre omgangen då Molde tapte 2-0 i ein treningskamp mot Bodø/Glimt. Kanskje får han sjansen mot gamleklubben Hødd.