Hødd skal onsdag ut i vinterens femte treningskamp. Dei fire føregåande har enda med to sigrar og to tap, men bortekampen mot Molde er nok ein av dei aller tøffaste treningskampane Hødd skal spele denne vinteren.

Sindre Eid seier på førehand at Hødd får ei kjempeutfordring på Aker Stadion.

- Vi møter eit av dei beste laga i Noreg, og det er ikkje tvil om at det blir ei kjempeutfordring. Planen er så enkel at vi skal gå ut på bana med trua på oss sjølve og kjempe frå start til slutt. Har vi ikkje trua i dag, går vi ut på bana med hua i handa, seier hovudtrenar Sindre Eid.

Mange har fått prøve seg i treningskampane så langt i år, men i denne kampen stiller Hødd så godt som toppa.

- Vi har fått tilbake fleire av dei som har slitt med nokre småskader og no er det berre Fredrik (Sjølstad) som ikkje enda er klar, avsluttar Eid.

Molde: Linde - Remmer, Gabrielsen, Rode Gregersen, OM.Rindarøy, Strand, Aursnes, Hestad, T.Svendsen, S.Svendsen, Karlsson.

Benk: Da Silva, Ssewankambo, Toivio, Sigurdarson, Haaland, Brustad, Markovic, Strande, Østigård.

Hødd: Jan-Lennart Urke - Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Martin Mork Breivik (Eid 80), Vegard Heltne (Didrik Sereba 65) - Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset (Brautaset 80), Bendik Rise (Saunes 58) - Robin Shroot (Haanes 80), Magnus Myklebust (Flø 80) og Sondre Sandnes Beite (Preben Sætre 58).

Benk: Sivert Pieroth, Didrik Sereba, Peter Hasund, Aleksander Rekdal, Daniel Eid, Eirik F. Saunes, Håkon Brautaset og Sveinung Tilseth.

Første omgang:

Molde har ballen mykje i opninga. Får kampens første corner etter tre minutt.

5 min: Molde får indirekte frispark i Hødd sin 16-meter. Farleg moglegheit, men ballen vart stoppa før den nådde inn til keeper.

8 min: Hødd med heilhjarta overgang på høgresida. Torset legg inn etter å ha blitt fint frispelt av Beite, men innlegget blir for høgt for Shroot.

Hødd er litt meir med etter at Molde hadde mesteparten av spelet i opninga.

15 min: Få sjansar i opninga. Hødd ligg kompakt og prøvar å ta overgangar når dei får sjansen.

17 min: 1-0 Molde tek leiinga på corner. Remmer scorar for heimelaget.

19 min: 2-0 Fint spel frå Molde før Eirik Hestad spring seg fri i feltet og får tuppa ballen forbi keeper.

Molde plutseleg veldig effektive.

23 min: 3-0 Molde-frispark i god posisjon og det blir satt vakkert i mål av Petter Strand. Tre scoringar på seks minutt i Molde.

Etter at Hødd var greitt med dei første 15 har det blitt for enkelt for Molde etterpå.

24 min: 4-0 Ole Martin Rindarøy set inn 4-0. No er Hødd svært dårlege.

26 min: Ny stor sjanse for Molde, men Urke gjer det som skal til for å hindre scoring.

35 min: Det har skjedd mindre dei siste ti minutta. Molde ikkje like giftige, men har full kontroll på det som skjer ute på Aker Stadion. Hødd har skapt lite.

36 min: 5-0 Men så dukkar Sander Svendsen opp i midten, får for mykje rom og set inn Molde sitt femte. Hødd har skikkeleg trøbbel defensivt.

38 min: Ny stor sjanse for Sander Svendsen, som spring frå Hødd-forsvaret og prøvar å chippe ballen over keeper, men ballen går til side for mål.

40 min: Hødd sin første skikkelege sjanse. Beite med bra initiativ, ballen ender hos Shroot som bommar frå god posisjon.

42 min: Heltne tøft inn i ei takling, blir dømt frispark, men ikkje kort. Backen hadde gult frå før.

Pause

Hødd har ikkje vore gode i den første omgangen borte mot Molde, og har blitt knallhardt straffa av eit effektivt heimelag. Molde har vore det klart førande laget, og har teke godt vare på sjansane sine, men Hødd har hatt store problemer defensivt og Molde har fått veldig fritt spelerom i store deler av den første omgangen.

Andre omgang:

Molde med mange byter i pausen. Hødd står med same lag i starten på den andre omgangen.

50 min: 6-0 Innbytar Sigurdason scorar etter ein retur frå Urke. Ser ikkje ut til å vere særleg betring for Hødd sin del.

58 min: Beite og Rise ut, Preben Sætre og Eirik Saunes inn.

68 min: Sereba har kome inn for skadd Heltne. Ikkje så veldig mykje som har skjedd dei siste minutta.

69 min: 7-0 Feilpasning frå Hødd-midtbana sender Fredrik Brustad åleine med keeper. Han gjer ingen feil og set inn Molde sitt sjuande mål for kvelden.

71 min: Ny bra Molde-sjansen, men denne gongen får Moltu blokkert.

78 min: Eirik Saunes med ei sjeldan avslutning for Hødd, men han får ikkje ballen mot mål. Hødd har skapt svært lite i denne kampen.

80 min: Hødd set inn ei rekkje unggutar i sluttminutta.

82 min: Hødd tek ein corner kjapt og ballen blir slått inn til Isak Haanes som ikkje får skikkeleg treff på avslutninga. Likevel blant Hødd sine beste moglegheiter i kampen.

86 min: 8-0 Urke kjem langt ut og blir forbispelt. Sigurdason når ballen først og set ballen via stolpen og i mål til Molde si åttande scoring. Lite trøyst å finne i denne kampen for Hødd sin del.

Slutt.

Hødd fekk svært lite til borte mot Molde i det som på førehand var venta å bli ein tøff test. Men at det skulle bli så tøft som det blei hadde nok ikkje Sindre Eid og Hødd-spelarane sett føre seg. Manglande tempo, presisjon og aggresivitet frå bortelaget gav Molde ei enkel oppgåve i store delar av kampen, og Hødd hadde store problem med å finne ut av heimelaget sitt angrepsspel.

Hødd heldt stand i om lag 15 minutt, men så byrja Molde å score og då gav dei seg ikkje før dei hadde putta åtte ballar i nettet bak Jan-Lennart Urke. Ein elendig kamp frå Hødd, som ser ut til å ha mykje arbeid framom seg dei knappe to månadane fram mot seriestart.