Frå 14. til 24. februar har 19 ungdommar frå Dimna IL vore på treningsleir i Torremolinos ved Malaga i Spania. Der har dei trena saman med ungdomar frå Møre og Romsdal Idrettskrets, og Dimna-trenar Arve Hatløy fortel at treningsleiren blir brukt for å gje utøvarane så mykje kvalitetstrening som råd i tida fram mot UM i Rudhallen første helga i mars. Det markerer også avslutninga på årets innandørssesong.

– Det har vore gode treningsforhold med stort sett sol og fint vêr på alle treningsøktene. Med to treningsøkter per dag så blir det tid til mykje trening. Baneforholda er gode så det har vore mogleg å gjennomføre mykje kvalitetstrening som vi trur skal vise igjen på resultata utover i sesongen, seier Hatløy.

Trenaren slår fast at det ikkje er noko latmannsliv på desse treningsleirane.

– Dagen startar normalt med frukost kl. 08.00. 09.30 er det avgang til stadion for dagens første økt. Formiddagsøkta varer då i ca. 2 timar. Kl. 13 er det tid for lunsj. Mangekjemparane og spydkastarane har si kastøkt kl. 14. Seinare på ettermiddagen mellom kl. 16 og 18 er det klart for dagens andre hovudøkt på stadion eller i terrenget rundt stadion. Litt styrketrening blir det også tid til på denne økta. Dagen vert avslutta med middag kl. 19, men mellom øktene er det i år også sett av tid til obligatorisk skulearbeid, fortel Hatløy.

Han meiner Dimna-utøvarane har fått vore med på ein god treningsleir, der ein har kome gjennom det meste ein hadde planlagt av trening.

– Det blir alltid nokre småskadar og litt sjukdom undervegs, men i år har vi vore heldige og hatt minimalt med slike problem, fortel Hatløy.

Snart UM

Nokre av Dimna-utøvarane som er med til Spania fekk også prøve seg under NM i Ulsteinhallen i starten på februar, men for dei aller fleste er det UM i Rudhallen som er den viktigaste konkurransearenaen i innandørssesongen. Arve Hatløy fortel at Dimna kjem til å stille med ein rekordstor tropp til meisterskapen om ei vekes tid.

– Slik det ser ut no så får vi ein tropp på om lag 25 utøvarar. Dei fleste av våre beste utøvarar med Johanne Rise Kvalen, Fride Møller Flatin, Nicolas Roppen Masters og Jonas André Ose i spissen vil stille til start, fortel Arve Hatløy. Men Dimna må dessverre klare seg utan både Alice Ulla Berg og Onar Apelseth, som begge er skadde.