Ein skal ikkje lese for mykje ut av ein treningskamp i februar. Heldigvis. For Hødd sitt 8–0 tap i Molde onsdag kveld må ha vore blytungt for alle involverte.

Ja, det er no to divisjonar mellom laga, og der Molde ønskjer å ta opp kampen med Rosenborg om gull i Eliteserien, skal Hødd prøve å kjempe seg tilbake til norsk toppfotball. Men at det skulle vere åtte måls forskjell på laga?

Sju mål betre for eit år sidan

Det er mindre enn eitt år sidan sist Hødd møtte Molde i treningskamp på Aker Stadion. Då enda kampen 2–1 i det som var Hødd si generalprøve før serieopninga i Obosligaen. Sander Svendsen scora begge måla for Molde den gongen. Onsdag var han ein av sju som teikna seg på scoringslista for Molde. Eit Molde-lag som frå start hadde ein snittalder på om lag 20,5 år.

Då det vart 2–1 i 2016 spelte mellom anna Per-Egil Flo, Knut Olav Rindarøy, Eidur Gudjohnsen, Harmeet Singh, Pape Pate Diouf og Mushaga Bakenga frå start for Molde. Sjølvsagt har det vore ein del endringar også i Hødd-laget, men ti av dei som starta kampen onsdag var i troppen mot Molde for eit år sidan. Det er likevel klart at Hødd har mista nokre svært viktige spelarar sidan den gong. Størst var nok tapet av Eirik Ulland Andersen (seld til Strømsgodset) og Joakim Wrele (gratis til Levanger). Og når 2016-sesongen enda med eit nedrykk til tredje nivå i norsk fotball må Hødd innsjå at dei ikkje lenger er like attraktive som tidlegare. Difor er det ikkje unaturleg at ambisiøse spelarar som Robin Shroot ønskjer seg vidare. Det er sjølvsagt ikkje kjekt for dei som følgjer med Hødd, men det er forståeleg at spelarar som meiner dei høyrer heime på eit høgare nivå ikkje ønskjer å spele i norsk andredivisjon. Samstundes burde kanskje spelarane som var med då Hødd rykte ned ha såpass ansvarsfølelse at dei vil gjere det dei kan for å hjelpe klubben opp att? Det kan tenkast at det beste nokre spelarar kan gjere for Hødd akkurat no er å forlate klubben. På sitt beste er Hugues Wembangomo ein svært god forsvarsspelar, med potensial til å spele på øvste nivå i norsk fotball. Men dersom han no vil trappe ned fotballen for å fokusere meir på studiar er det heilt rett av Hødd å sleppe han av garde. Då kan dei heller bruke lønsmidlane hans på ein som vil vere tilgjengeleg på fulltid. Med Shroot stiller det seg litt annleis. Han er svært viktig på banen for Hødd, men har også blitt viktig utanfor. Både som trenar for aldersbestemte jentelag, som person og som ein som gir Hødd noko ekstra. Han har «x-faktoren». Difor er det heilt forståeleg at André Nevstad ikkje er spesielt lysten på å la Shroot sleppe å fullføre kontrakten med varigheit ut denne sesongen. Skal Shroot forlate Hødd så må klubben ha moglegheita til å erstatte han. Med andre ord må nokon kjøpe han ut av kontrakten om det skal bli aktuelt. For ein ting illustrerte kampen mot Molde godt. Hødd må gjere grep for å sikre ein meir slagkraftig tropp enn den ein har i det vi nærmar oss slutten på februar. Med unntak av kampen mot Herd (7-0 siger) har ikkje Hødd imponert i treningskampane. Tap mot Brattvåg og stortapet i Molde viste at Hødd ikkje ser ut til å ha verken breidde eller kvalitet som er heilt der den bør vere. Om målet er å kjempe om opprykk.

Dei unge vil få sjansen

Difor er det også godt å sjå at trenar Sindre Eid slår fast at klubben må ha inn to eller tre spelarar utanfrå. No vil det sjølvsagt føre til at vegen fram til fast A-lagsplass blir noko lengre for ein og annan unggut, men dersom målet er at Hødd skal vere ein del av norsk toppfotball er det heilt naturleg at ikkje alle som startar for Hødd er oppvaksne i Ulsteinvik.

Dei unge og lokale spelarane vil få sjansar, og nokre vil truleg vere svært viktige bidragsytarar allereie denne sesongen. Samstundes vil det vere svært urettferdig mot dei unge spelarane om det skulle leggast for mykje ansvar på deira skuldrer. Dei fleste av dei spelte i fjor på eit lag som rykte ned frå 3.-divisjon. Då kan ein ikkje forvente at det er dei som skal bere Hødd opp att til Obosligaen.

Hødd bør treffe blink

Når Sindre Eid seier at Hødd treng to eller tre nye spelarar så har han nok mykje rett i det. Ein som kan spele både back og stoppar, samt ein spelar i midtbaneleddet kan vere ei fornuftig løysing. Offensivt har laget brukbart med alternativ, så sant dei som er i klubben blir verande.

Men Hødd kan neppe sprenge banken for å sikre seg forsterkingar. Samstundes er det svært viktig at klubben får inn dei rette spelarane. Klubben har neppe råd til å hente frå øvste hylle, men dei har heller ikkje råd til å bomme. Det må vere spelarar som passar inn i klubben, men bør også vere nokon som kan gje spelargruppa eit løft. Både fordi botnnivået til Hødd må hevast, men også for å gje dei som er i klubben litt meir trua på det dei held på med. For den såg dessverre ut til å vere fråverande på Aker Stadion.