Måndag ettermiddag var det to nye ansikt på plass på Hødd-treninga på Høddvoll. Begge med Andreas som fornamn.

Andreas Breimyr gjekk vinteren 2015 frå Bryne til Premier League-klubben Crystal Palace, men den no 20 år gamle spelaren fekk ikkje fornya kontrakt etter 2016-sesongen, og signerte i august på ei amatørkontrakt med Viking, men utan å få speletid på A-laget.

Andreas nummer to som dukka opp på måndagens Hødd-trening er Andreas Birgersson, ein svensk 25-åring (26 i slutten av mars). Han har mellom anna erfaring frå Superettan (nivå 2 i svensk fotball). Der har han spelt for Östers IF og Oskarshamns AIK.

Vil styrke troppen

Hødd har vore klare på at dei ønskjer å forsterke laget før den komande sesongen, og denne veka skal Breimyr og Birgersson vise seg fram i Ulsteinvik.

– Vi ser etter spelarar som kan kome inn og komplementere troppen vår. Den er ikkje ferdig endå, og vi synest det er kjekt at han (Breimyr) kunne ta turen hit denne veka, slik at vi får sett han saman med våre gutar og får sjekka ut om dette er noko som kan bli noko av, seier Hødd sin sportssjef André Nevstad.

Han legg til at Breimyr kan spele både på midtbanen og som stoppar.

– Men det er nok primært på midtbanen han trivst best, fortel Nevstad.

Svensk spiss

Medan Andreas Breimyr er eit godt kjent namn i norsk fotball etter overgangen til Crystal Palace, er mindre kjent om Andreas Birgersson. Heller ikkje Hødd har full oversikt over spelaren.

– Han er ein spiss som har vore i Öster i fleire sesongar, utan å etablere seg skikkeleg der. Han har spelt ein del i Superettan, men vi har ikkje sett så mykje av han, anna enn på video. Vi har fått nokre tips, snakka med nokre tidlegare trenarar og litt sånt, og det skal vere snakk om ein sterk spiss som også er god i boksen. Der må vi sjå litt utover veka om dette er noko som kan vere aktuelt, fortel sportssjefen.

For både Breimyr og Birgersson er det i første omgang snakk om å trene med Hødd denne veka.

– Vi må sjå litt korleis det utviklar seg i løpet av veka. Det er ikkje teke noko avgjerd på om dei blir her til over kampen mot Træff, men dei blir her utover veka og så får vi sjå.

England framleis aktuelt

Under ”Møteplassen” på Høddvoll fredag fortalde Sindre Eid om Hødd sin tur til England sist veke. Der vart det nemnt at Hødd også var i samtalar om konkrete spelarar, men måndag var Robin Shroot einaste briten som dukka opp på Høddvoll.

Kan der kome noko på kort sikt?

Ja, det kan det gjere. Der kan vi ikkje seie noko med 100 prosent sikkerheit, men vi har ein ”connection” der også som vi ser på. No skal vi sjå litt på desse to gutane og så må vi sjå om det er noko som vi synest kan passe inn her, og om dei tenkjer i same baner. Det er greitt å få kartlagt desse to litt dei komande dagane.

Nevstad slår elles fast at dei ikkje har konkretisert noko tal på spelarar ein ønskjer å knyte til seg før sesongen tek til.

– Om det blir ein meir eller ein mindre enn vi hadde tenkt har vi ikkje tenkt så mykje på. Det viktige er at vi har gode alternativ, at vi har bra kamp om plassane og ein tropp som utfyller kvarandre godt.

Den svenske angriparen Andreas Birgersson har erfaring frå nivå 2 i svensk fotball.