Eit stort sett ungt Hødd 2-lag møtte onsdag Larsnes/Gursken FK til treningskamp på Høddvoll. Begge laga skal denne sesongen møtast i 4.-divisjon (saman med mellom anna Bergsøy og Hareid), men onsdag var det nok mest spenning knytt til dei to eldste spelarane på Hødd-laget.

Frå start spelte nemleg både Andreas Breimyr og Andreas Birgersson, dei to prøvespelarane som har trena med Hødd denne veka.

Tidleg leiing

Men det var i staden ein tidlegare Hødd-rekrutt, Karl Bringsvor, som først presenterte seg på Høddvoll. Etter eit innlegg frå venstresida klarte ikkje Hødd å få klarert ballen, før Bringsvor dukka opp i feltet og sette ballen i mål til ei tidleg 1–0 leiing for bortelaget.

Hødd 2 gjorde det ofte i overkant vanskeleg for seg sjølve, og det enda ofte med pasningar tilbake til keeper i staden for å søke alternativ framover i banen. Det gjorde også sitt til at ein såg lite av angriparen Andreas Birgersson i opninga av den første omgangen.

Ut med skade

Andreas Breimyr var meir involvert i si midtbanerolle, og viste prov på eit bra pasningsregister og overblikk, men utan at han på nokon måte dominerte mot 4.-divisjonslaget. For Breimyr sin del varte berre kampen i om lag 35 minutt. Då hinka han av banen og vart erstatta av Peter Worren.

Litt før det hadde Peter Hasund ein kjempesjanse til å utlikne for Hødd 2, men han var for ivrig med avslutninga, som gjekk ein del meter over mål frå kort hald.

I staden såg det ut til at LGFK skulle gå til pause med tomålsleiing. Dei fekk først eit mål godkjent, før dommaren og hans assistent diskuterte seg fram til at målet skulle annullerast. Deretter hadde laget ein stor sjanse åleine med Hødd sin keeper, men i denne situasjonen fekk Joakim Ulstein frispark.

Dermed stod det 1–0 til bortelaget ved pause.

Svensk scoring

I den andre omgangen skulle ein få sjå glimt av kvalitetane til svenske Andreas Birgersson. Han hadde få moglegheiter til å vise seg fram i løpet av kampen, men tok vare på den eine skikkeleg sjansen han fekk. Etter bra Hødd-spel enda ballen hos svensken, som tok den med seg rundt keeper og sette ballen i mål frå spiss vinkel. Ei bra avslutning, sjølv om Larsnes/Gursken mistenkte ein offside før scoringa.

Kort tid seinare vart Birgersson bytta ut, og det viste seg at det var LGFK som hadde mest å kome med. Frants Mork sette inn 2–1 til bortelaget og sikra dermed siger for LGFK.

Kampfakta:

Hødd 2 - Larsnes/Gursken 1 - 2 (0-1)

Høddvoll

Mål: 0-1 Karl Bringsvor, 1-1 Andreas Birgersson, 1-2 Frants Mork.

Hødd 2: Joakim Ulstein (Andreas Moldskred 46) - Bam Hide, William Fjørtoft, Saki Ushey (Håkon Thormodsæter), Sveinung Tilseth - Elias Flø, Peter Hasund, Andreas Breimyr (Peter Worren 40) - Håkon Botn Brautaset, Andreas Birgersson (Gustav Dimmen), Sander Djupvik (Bastian Rasmussen).

Andreas Breimyr gjorde ein grei jobb på Hødd si midtbane, men måtte ut med skade før den første omgangen var over.