– Det er to klubbar som jobbar ganske likt, med svært dedikerte folk som jobbar i begge klubbane. Både Hødd og Luton spelar akkurat no på eit litt lågare nivå enn ein har vore vane med, og sjølv om det er stor forskjell på norsk og engelsk fotball så er det to klubbar som gjer mykje likt, meiner Lars-Petter Rønnestad, som er den i Hødd som kjenner Luton best.

Reiser på treningsleir

Han var saman med André Nevstad og Sindre Eid på studietur til England sist veke, og denne veka fekk Hødd besøk frå Luton sin sjefsspeidar, den tidlegare Premier League-spelaren Mick Harford.

Dei to klubbane ser ut til å ha fått ein god tone, og ser no på moglegheitene for eit samarbeid på tvers av landegrensene. I første omgang gjennom at Hødd i månadsskiftet legg turen til Luton sitt treningsanlegg for eit treningsopphald, der det truleg også blir spelt ein kamp mot engelsk motstand. Det blir også sett på moglegheitene for at Luton kan legge ein treningsleir til Høddvoll til sommaren, men på dette området er ingenting fastsett per no.

Gode på talentutvikling

– I England har Luton ein litt liknande status som Hødd, med tanke på at det er ein klubb som er veldig dyktige på spelarutvikling. Dei har eit godt akademi og produserer mykje spelarar til mellom anna Premier League, seier Rønnestad.

André Nevstad, sportssjef i Hødd, fortel at klubbane ikkje har inngått eit formelt samarbeid, men at ein ser på moglegheitene for å lære av kvarandre. Samarbeidet kan også gje spelarar frå dei to klubbane sjansen til å prøve seg i eitt annleis miljø.

– Vi fekk ein god relasjon til klubben med ein gong. Både gjennom Mick Harford, men Gary Swift som er Luton sin daglege leiar. Måten vi vart motteke på og måten klubben driv på var imponerande. I tillegg ser ein at spelarane der borte er på eit bra nivå, fortel André Nevstad.

Utveksling for spelarar

Han fortel at klubbane også vurderer moglegheitene for spelarutveksling.

– Det kan vere at vi har talent her som kunne ha godt av å få reise på «studietur» bort dit for å trene med jamaldringar der og få sjå litt korleis ting blir gjort der. I tillegg er det sjølvsagt moglegheiter for at dei har spelarar som kan ha godt av spel i Norge og kanskje i Hødd, dersom det passar seg slik.

– Spanande

Og det verkar på ingen måte uaktuelt at noko slikt kan skje allereie før sesongstart i år.

– Gjennom å bygge eit samarbeid med Hødd kan vi få moglegheita til å sende spelarar hit når vi er i pre-season og ikkje har kampar. Alternativt at vi har spelarar i eller rundt vår tropp som treng speletid, og som kan få det her. I tillegg så kan lenka mellom oss og ein skandinavisk klubb vere spanande, trur Mick Harford.

Nyttig samarbeid

Han fortel at inntrykket av Hødd har vore positivt.

– Det er første gongen eg er her, og eg var spent, men har blitt svært imponert. Både over miljøet i klubben og måten Hødd ser ut til å vere drive på, seier sjefsspeidaren til Luton.

Det er for tidleg å seie for mykje om kva som vil kome ut av samarbeidet mellom dei to klubbane over tid, men André Nevstad er positiv til moglegheitene som opnar seg.

– Vi har skapt ein god relasjon og begge partar meiner at dette kan vere eit samarbeid som både er nyttig, lærerikt og inspirerande. Både sportsleg, men også for oss i administrasjonen, seier Nevstad.

Luton Town FC spelar for tida i League 2, fjerde nivå i Engelsk fotball. Dei ligg for tida på playoff-plass.