Hareid sine handballdamer i 5.-divisjon avsluttar sesongen med fire strake heimekampar. Sist vart det tap mot Valder etter at kreftene gjekk tome mot slutten, men sundag mangla det ikkje på verken krefter eller løpskraft for Hareid, som tok kommandoen frå start mot det unge Isfjorden 2-laget.

Hareid vann også oppgjeret mellom laga i Isfjorden, og hadde allereie etter ti minutt opparbeida seg ei tremålsleiing på 5-2. Derfrå såg ikkje Hareid seg tilbake og allereie fem minutt seinare var leiinga auka til 10-3. Laget hadde godt tak på gjestane i angrep, og defensivt var keeper Line Kvalsund Paulsen på det meste som kom.

Til pause var Hareid heile ni mål framom gjestane, og kunne ta ein fortent kvil på 16-7.

Auka på heile vegen

Tidlegare i sesongen har Hareid hatt litt trøbbel med å halde kampen ut, men mot Isfjorden var det aldri tvil om kvar poenga skulle gå. Sara Bigset sørga for timålsleiing like etter pause, og luka mellom laga heldt fram med å vekse.

Då sluttsignalet gjekk for full tid hadde Hareid auka differansen til 17 mål og vann til slutt med solide 31-14. Det bør gje solid motivasjon før dei to avsluttande heimekampane.

- Dette var moro! slår trenar Håvard Frotvedt fast etter kampslutt.

Han kunne mellom anna gle seg over å ha litt fleire spelarar tilgjengelig til denne kampen, og det gjorde sitt til at laget heldt ut lenger. Men trenaren trur også det kan vere meir i vente frå Hareid-damene.

- Vi var ikkje heilt på vårt beste, men vinn likevel klart og då har vi lite å klage over, seier Frotvedt.

Kampfakta:

Hareid - Isfjorden 2 31 - 14 (16-7)

Hareidhallen

Dommarar: Arne Nordal, Magne J Krumsvik.

Tominuttarar: Hareid - 2, Isfjorden 2 - 4

Hareid: Line Kvalsund Paulsen, Sara Bigset (4), June Bergseth (8), Sunniva Liaset (2), Susanne Bigset, Iselin Stenersen Klungsøyr, Andrea Fjeld Hansen (8), Maria Juul Hansen (1), Lene Mari Andresen, Marte Giske (5), Linda Marie Godø Kostaris (3)